onsdag, januar 05, 2022

Dagbok 2022:5.januar


 Klokka er no 17.50, temperaturen på trappa er 0 grader C og det har kome meir snø. Eg var ute og moka tunet på føremiddagen, det var ikkje så mykje snø då, og eg reknar med at eg får moka den som har kome sidan. Best å moke etter kvart så er det ikkje så mykje i det.Det er Marit sin tur å køyre i morgon, så eg treng ikkje å ta ut bilen så tidleg i alle fall.

Denne dagen har blitt litt lite effektiv. Eg begynte å stå opp klokka 4 då eg vakna, men var snartå komme meg opp att i senga då eg såg klokka. Etter det vakna eg mange gonger, eg søv som regel litt uroleg fordi eg har vondt i rygg og hofter når eg skal ligge. Eg stod ikkje opp på skikkeleg før klokka var over halv ti. Men det gjekk fort og greitt å koke plommesylte sidan plommene hadde tina om natta. 

Etter sylting vart det moking, og så tok eg og las siste resten av ei bok.(Sjå under) Eg la i omnen og strikka litt før det vart tid til å lage middag. I dag vart det restar. Eg sette meg inn til TV-en med kaffikoppen, men i dag var eg så trøtt at eg ville sovne heile tida, så eg måtte sette frå meg koppen. Eg hadde på ein serie, men det var ikkje mykje eg fekk med meg av den. Etter kvart tok eg fram spøtet, eg held på med siste lesten av garnet til Margrete. Det vart tre par av dei to nøsta -og litt til overs- 

Eg gårog plukkar vekk litt julepynt her og der, men eg likar så godt stjerna og juletreet mitt at eg trur det blir ståande litt til. Ser at naboane også har julepynt enno. No skal eg ut og moke, så eg blir ferdig til kl.19.

                                                                     Kl. 18.30

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...