torsdag, januar 06, 2022

Dagbok 2022: 6. januar , Trettandedag jul, Heilage tre kongars dag.


 Klokka er no 15.40, det er minus 4 grader ute og det er lysare enn på lenge. Sola skein i fjella i dag, men rekk ikkje ned til oss enno. Dagen i dag vart litt annleis enn vi hadde planlagt, Marit og eg skulle på trening og viss det snødde skulle eg køyre. I så fall måtte eg tidleg opp og moke- men slik vart det ikkje . Eg vart liggande heile natta og verke i rygg og hofter, så eg fekk ikkje sove, til tross for at eg hadde tatt både sovetablett og smertestillande. Då klokka var halv 7 stod eg opp og kokte meg kaffi og år frokostt. Ca 7.30 gjekk eg ut og begynte å moke. Det var mykje snø, så det tok si tid når eg skulle ta heile tunet. Det må mokast skikkeleg så ikkje bilhjula går gjennom snøen. Då eg var  ferdig syntest eg at eg hadde fått nok trim så eg slo frå meg treninga, det samme gjorde Marit-

Men ryggen min var mykje betre, dette er slik eg opplever det ofte-å sitte i ro er det verste eg kan gjere, men somme tider må ein no berre kvile. Eg sat og strikka ei stund. Marit gjekk ein liten tur, og kom inn til meg etterpå. Då drakk vi kaffi og åt litt kakerestar frå jul. Merkeleg nok har vi alltid mykje å snakke om. Då ho gjekk opp att syntest eg at eg måtte  "gjere" noko- eg har det med det. 

I dag var det julepynten som fekk lide, no har eg fjerna alt, med unntak av dørkransen. Det var sant å seie meir enn eg hadde tenkt. Det var med tungt hjerte eg fjerna juletreet og stjerna i vinduet. Det einaste som står att av julepynt er samanplantinga som eg fekk av Einar, og ei julestjerne som eg har kjøpt sjølv. Eg har likt å ha julepynten heilt til no. (Frå ca.1.søndag i advent) Når sola kjem nedetter fjellsida er det ikkje jul lenger, men det er ikkje 20.dag enno. Det er den 13.januar. Eg synest eg har ete for lite julemat, men dei sel vel snart ut pinnekjøttet til nedsett pris.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...