fredag, januar 07, 2022


                                                              Bildet er tatt ca.17.15

Klokka er no 17.36, temperaturen ute på trappa er + 1 grad C, og i dag har det vor opplett. Snøen har smelta aldri så lite, men ikkje så mykje at eg har fått skrapa bort noko, eg er redd for at bilen skal sette seg fast fordi der er for mykje snø- men eg har ikkje prøvd. 

Sist natt sov eg utruleg godt, vakna ikkje før det var morgon og eg kunne stå opp. Eg tok to sovetablettar i går kveld, så det gjorde susen. Legen min har sagt at eg kan gjere det,  eg er veldig forsiktig med å ta for mykje medisin. 

I dag fann eg ut at eg måtte bake brød, ikkje fordi eg var lens, men for å få brukt opp "gammal" melk . Då brøda var komne i omnen, tok eg fredagsvasken. I dag fekk eg vaska soverommet også, for det var råd å henge ut teppa. Eg sette også på ein klesvask, i dag vart det ullkleda sin tur. Eg samlar ei stund, såpass eg køyrer nokså fulle maskiner. 

Eg kveikte i omnen då eg var klar til å sette meg inn i godstolen, men i dag brann det så voldsomt at veden var borte på ein augneblink. Der var vel litt for mykje anna i lag med veden, som brann godt. Det vart brødskiver til middag i dag, og det var no greitt, eg sat og sløva ei stund, men unngjekk å sovne i dag. 

Dagen har gått veldig fort. Eg har ikkje gått tur i dag heller, for beina var ikkje heilt gode etter at eg hadde gått i piggsko og moka snø i nærmare to timar i går, men det kjem seg litt etter kvart. Eg har begynt å lese ei bok til av dei eg fekk til jul. Det er ei bok som Linn Ullmannhar skrive. I dag har eg ikkje snakka med Marit anna enn på Messenger, men vi sender meldingar til kvarandre, slik at vi er orientert om alt som skjer.

Saknar julepynten litt, men er glad for at eg tok den vekk i går, så var det gjort. No rer det visst fredag igjen og eg ønsker alle ei god helg. Tenkjer på alle så må gå på jobb i desse Korona -tider. Vi som er pensjonistar kan meir styre det sjølve, vi treng ikkje å vere så mange stader.  Eg har ikkje lese heile avisa enno, for eg måtte ta Sudokuen først, blei ikkje ferdig med den i går kveld. Men no er den i boks.


                                               Eg har ikkkje moka altanen-enno

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...