torsdag, desember 23, 2021

Dagbok 2021: 23.desember


 Klokka er no 18.10, temperaturen er 0 grader C, og bildet over tok eg nettopp, så då ser de at det snør. Det ser ut til at vi får kvit jul, berre den ikkje blir så kvit at eg må moke snø tidleg og seint. Litt snø er heilt greitt, men det har lett for å bli for mykje.

I dag har eg ikkje gjort så mykje, berre det heilt nødvendige. Dvs. at eg vaska bad og kjøkken. Så var eg opp til Marit og gratulerte henne med dagen! Einar var innom ein tur på føremiddagen, han hadde vore til fysioterapeut her i Ørsta. Alle barna til Margrete kom innom ein tur, for å hente julegåver frå Solveig og Rasmus. Vi prata ei stund, og så for dei vidare til Lars. Då oppdaga eg at gåvene stod att, men eg fekk tak i Erlend på telefonen, slik at han kom tilbake og henta.. Eg sette meg til å høyre lydbok sånn i halvsøvne, men eg trur eg fekk med meg det meste. I morgon skal eg til Hareid. Håkon med familie plukkar meg opp på vegen, dei skal vere på Hareid julaftan dei også i år. Eg er glad for at eg har fått på plass kransen på grava, for viss det blir mykje snø, kan der bli uframkomeleg. Eg er frostig, så eg fyrer i omnen i tillegg til at eg har varmepumpa.

Eg har ikkje skrive brev eller kort til nokon, for eg har inntrykk av at mange er innom bloggen min, og i alle fall Face Book.. Eg vil ønske alle som er innom her ei god jul! Det ligg meir i denne helsinga no enn før. No tenkjer ein på at folk må få vere friske og unngå å bli smitta, at dei ikkje må i karantene i jula etc. Og når vi seier Godt nytt år, ligg der eit ønske om at ein må unngå pandemien. Det er andre jula med Koronaen, lat oss håpe den er over til neste jul. 

                              GOD JUL OG GODT NYTT ÅR

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 1.mai

  Klokka er no 17.22, temperaturen ute er + 20  grader, og no skin sola igjen etter at det kom regn midt på dagen. Det har vel vore rimeleg ...