søndag, juli 04, 2021
Dagbok 2021: 4.juli
Klokka er 18.15, temperaturen er + 18 grader, det held på å lysne opp att etter tordenvêr og regn. Det tordna i over ein time, men eg trur ikkje det var så nær. Etter torden kom regn, ei skikkeleg bløyte, så eg kunne ha spart meg å vatne med slangen før i dag. No håper eg det blir sol og varmt igjen.
I dag har eg drive og rydda litt i huset, vaska klede etc. Så har eg sett resten av ein serie, så no har eg berre ein å passe på-enn så lenge.Eg hadde rydda mykje i hagen før vi drog, men hadde ikkje reinska ugras i jordbærbedet, så det gjorde eg i dag-før eg vatna heile hagen, sidan slangen låg ute likevel. I 15-tida laga eg med litt mat og litt seinare gjekk eg opp til Marit som sat ute på altanen sin.Vi hadde mykje å snakke om i dag sidan vi begge har vore på ferie. Vi sat ikkje lenge ute før det skya over og det vart skikkeleg torevêr så vi måtte gå inn. Eg har ikkje mosjonert og gått tur i dag, men fekk no litt hagetrim. Har litt problem med å legge bilde som eg har på telefonen over på datamaskina etc, så somme blogginnlegg står utan bilde.Eg jobbar med saken. Sidan Margrete skal starte på ny tur i morgon vil eg ønske god tur og lykke til! Eg har program for kvelden også, tre aviser som eg ikkje har fått gått igjennom, to sudokuar løyste eg i går kveld. Så blir det kanskje litt TV og strikketøy innimellom.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2016: 21.september
Viss ein går ut i enden av altanen og ser langt bortover, kan ein få sjå litt av Ørstafjorden Klokka er no17.50 , temperaturen ute er +10 gr...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar