mandag, juli 05, 2021
Dagbok 2021: 5.juli
Klokka er 16.30, temperaturen ute er + 25 grader, det er opplett, men ikkje sol. Marit og eg for nedover til Vik og handla ca 10.30, Marit hadde sett at det skulle bli torever i dag også, så vi ville vere på den sikre sida. Det var ikkje så mykje vi skulle ha, så det vart til at vi handla på Kiwi på heimturen.Her heime har eg vaska litt, rydda litt, vaska klede etc. Men eg har også vore ute i hagen og stelt litt der. Eigentleg går eg berre og ventar på torevêret. Eg passa på å sjå serien min mens det enno var trygt, og no skriv eg blogg av samme grunn. Eg brukar oftast å ta ut ledingen til nettverket når det er torevêr. Lynet øydela ei datamaskin som eg hadde for mange år sidan. I går tok eg ikkje ut noko, for toreveret var langt borte, vi såg knapt eit lyn. Eg har lyst å gå ein tur på Vernet i dag, men ikkje før toreveret er over. Eg har vore der i torevêr EIN gong og det var meir enn nok. Då vi var i Sula gjekk er tur på vegen ein time kvar dag, siste dagen gjekk eg meir, og kneet mitt er bra, så langt.Eg har diverse oppgåver i hagen, plantar som skal flyttast blant anna, så eg får prøve å komme meg i arbeid, så får eg heller ta pause når/viss torevêret kjem.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no18.00, temperaturen ute er +9 grader C, og det regnar meir og mindre, På føremiddagen var det bra ver og eg tenkte å gjere litt...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar