fredag, mars 05, 2021

Dagbok 2021: 5.mars

Klokka er no 17.15, temperaturen ute er + 2 grader C. Det hadde snødd litt sist natt også, og i dag har det visst regna litt-eller sludda. Eg vakna tidleg i dag også, og stod opp tidlegare enn eg plar.Einar ville stikke innom ein tur i 10 -tida, sidan har skulle hit for å intervjue ei dame i embets medfør. For sikkerheits skuld moka eg ein del av tunet, så han ikkje skulle bli ståande fast med bilen. Og så laga eg røre til amerikanske pannekaker. Tenkte han skulle få litt mat og kaffi. Eg hadde ikkje ete full frokost sjølv, så det vart pannekaker til meg også. Etter at Einar hadde reist gjekk eg løs på fredagsvasken, som ikkje er så omfattande som før i tida. Då eg var ferdig gjekk eg ut og henta posten. Eg plar sjeldan få noko anna enn avisa, men i dag var der ein tjukk konvolutt frå ei dame i Førde. Det viste seg at dama hadde rydda loftet sitt og funne ei minnebok. Boka inneheldt minne til meg og hadde vore innom dei fleste husa i Solheimsdalen der eg hadde lærarpost i skuleåret 1959/-60.Det var ikkje berre elevane mine som hadde skrive, men også foreldre og ungdommar som eg kjende. Det hadde vel vore meininga at eg skulle få boka, men så har den blitt liggande att ein stad. Eg hugsar alle elevane, men der var også namn som eg ikkje kjende. Det var litt rart å stå der å lese alle gode ønske dei hadde for meg og framtida mi-så lenge etterpå. Ho som sende boka hadde skrive fullt namn og adresse bak på konvolutten, så eg fann mobilnummeret hennar og fekk takka. Eg hadde ikkje meir eg skulle gjere i dag, så eg måtte finne på noko. I dag fann eg på å lage skikkeleg middag til meg sjølv. Laks hadde eg i frysaren, og grønsaker, og så hadde eg poteter og rømme. Det vart eit herremåltid, og etterpå vart eg så trøtt og stinn at eg heldt på å sovne i stolen. Men etter ei stund vakna eg til så eg fekk sett siste resten av ein temmeleg tåpeleg mexikansk serie. Eg kunne hatt lyst å gå ein tur, men vêr og føre er ufyseleg, så eg trur det får vere. No må eg ta att avisa og lese den ferdig, før eg slappar heilt av. Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...