mandag, februar 08, 2021
Dagbok 2021: 8.februar
Klokka er no 16.30 og temperaturen er minus 7 grader C. I dag då eg stod opp var det minus 11, men då eg kom heim frå turen min litt etter klokka 14, var de berre 4 minusgrader. I dag fekk vi sola inn kl. 9.43 og klokka 16.30 gjekk sola ned bakom fjella. Vi er heldige som bur her oppe på solsida, ein skal ikkje langt ned før det er kaldare og mindre sol.
Dagen i dag har ikkje vore så spesiell. På føremiddagen sette eg ein brøddeig og laga 3 brød. Etterpå gjekk eg ein tur 13-14, om lag same turen som eg har gått dei andre dagane. Då eg kom heim, jobba eg litt med spansken før eg åt tomatsuppe frå i går til middag. Elles driv eg og jobbar litt med garnrestane mine, no har eg begynynt på barnelestar. Det er ikkje så mykje ein kan gjere i dette vêret, eg vil helst vere inne der som det er varmt. Det er fint med dette veret for osss som har sol, men eg minnest med gru dei kalde vintrane på Melle. No kjem eg til å lese litt strikke og kanskje sjå Serie før klokka blir 19 og eg skal sjå dagsnytt.I morgon er det trening så då må eg ut med bilen igjen, kanskje handle litt også, men eg går minst muleg på butikk.Eg ser fram til den dagen eg kan fare på skikkeleg shopping igjen, det er så mykje eg har lyst å kjøpe. Men no er det snart mi gruppe som skal vaksinerast og då ser ein lyset i tunnelen.
Bildet over er tatt frå Olavsgata og oppover, eg forventar at de ser eit hus de kjenner att.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.september
Klokka er no 19.27, temperaturen ute er+10 grader, det er nokså overskya, men opplett. I dag har eg gått her og tutla åleine og ikkje gjort...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar