lørdag, februar 06, 2021

Dagbok 2021: 6. februar

Klokka er no 16.00 og eg sit og nyt dei siste solstrålane i dag.Temperaturmålaren på trappa viser minus 6 grader, men eg har inntrykk av at det er kaldare. I dag fekk eg sola inn i stova klokka 9.45, litt tidlegare enn i går, dagen blir nokre minutt lenger for kvar dag. Men kaldt er det om morgonen før sola får varma opp, eg kveikjer ikkje opp i omnen før sola går ned. I dag hadde eg ikkje noko spesielt å gjere, så eg las ut boka eg heldt på med før eg vaska håret og kledde godt på meg for å gå tur. Eg har brukt den raude hua som eg strikka, men den har ein tendens til ikkje å halde seg nede på øyra mine-i går såg eg ut som ein julenisse då eg kom heim. I dag fann eg fram ei blå "Bankranar-hue" som eg strikka til Nils ein gong. Den var mykje betre, den var tjukkare og varmare og heldt seg på plass over øyra. Det vart til at eg tok ein times tur i dag også, om lag same ruta som i går. Då eg kom tilbake til Starevegen møtte eg nokre naboar såpass eg fekk litt sosial kontakt i dag også. Dei to bilda over er tatt frå same ståstad, der Olavsgata går over i Storebakken. Mange går på Fonnvernet no også, men der er berre ei smal rås, så eg vil heller gå på den breie vegen. Ei stund etter at eg kom heim skulle eg ha noko som likna på middag. I dag tok eg fram glaset med Julesild frå SILDAKONGEN, åt den på eit par brødskiver, men tenkte at i morgon skulle eg koke poteter og lage kålstuing og ete silda som spekesild--eg rota rundt i glaset for å sjå kva som var att. Det var ikkje mykje! Eg skal tilstå at eg er over middels glad i spekesild o.l.Der gjekk sola ned kl.16.15
Eg har ei stor plastkasse full av garnrestar som eg har sortert etter farge. Eg har no tatt denne kassa opp på stova for å sjå om eg kan bruke garnet til noko. Det kan vere t.d. huer og lestar. Problemet med lestar er at eg må ha to like. No har eg lagt fram alle dei grå nøsta, lurte på om eg skulle lage ei hue med "Fifty shades of grey" - men kor mange huer treng ein eigentleg ? I heile dag har det vore sundag inne i hovudet mitt, det er ei plage, men heldigvis er det laurdag og vi kan glede oss til MGP på TV. Dei to siste gongane har det ikkje vore mykje å glede seg til,men ein gir ikkje opp håpet. Elles så ser eg ein episode eller to av "The Crown" når det ikkje er noko anna eg skal sjå på TV. Elles har eg i dag lese at dei i Israel har funne opp ein medisin mot Corona. Det er veldig bra viss det held seg oppe. Då kan dei som blir smitta bli friske igjen-på kort tid.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...