fredag, februar 26, 2021

Dagbok 2021: 26.februar

Klokka er no 19.45, det er knapt 5 plussgrader ute og det regnar. Eg synest ikkje dette veret er så populært, men snøen minkar i alle fall. Eg får ikkje tatt bilde; har eit skikkelig speilreflekskamera som er noko i vegen med, og no får eg heller ikkje bruke mobilen. Eg lurer på om eitt av dei gamle kamera eg har brukbart, skal sjekke i morgon.Det er alltid noko som er i uorden. I dag datt ei plate som er inne i omnen ned, det har hendt før ein gong også, men då fekk eg til å sette den på plass igjen. Det er ikkje alltid like lett å greie alt åleine. Men det er no slik eg vil ha det. På føremiddagen i dag tok eg fredagsvasken, det var rimeleg fort gjort, så eg lurte litt på kva meir eg skulle ta meg til. Då ringde Margrete, ho skulle til Volda og kjøpe meir garn, og så ville ho komme hit for å få ein rundpinne og for at eg skulle "hjelpe" henne med noko. Dermed fekk eg eit påskot til å fare på butikken og handle litt. Men når ein fer på butikk utan lapp og utan å vite kva ein skal ha, då er det ikkje godt å vite kva ein kan komme heim med. Men vi hadde no i alle fall litt attåt kaffien då Margrete kom. Og vi fekk gjort det vi skulle på genseren hennar.Då ho reiste sette eg meg til med kryssord og Sudoku, sidan eg hadde fått bladet Pensjonisten i postkassa i dag. Men så vart det til at eg sette meg til å sjå ein serie på TV- det var då det gjekk gale, eg drøymde meg heilt bort og det var så vidt eg fekk med meg korona- nyheitene på NRK. Det er ikkje så positiv utvikling når det gjeld pandemien, men her har vi hatt det stort sett bra heile tida. I dag er det 1 år sidan Koronaen kom til Norge; -eg er glad for at eg ikkje visste kor lang tid det skulle ta, det veit vi nok ikkje enno heller. Eg har vanskeleg for å halde greie på dagane i veka, eg veit at det er fredag i dag-men oppe i hovudet mitt er det laurdag. Så vil eg i alle fall ønske alle ei god helg. Om vel ein månad er det påske - og då vert det vel sommartid også, det gleder eg meg til.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...