tirsdag, februar 16, 2021

Dagbok 2021: 16.februar

Klokka er no 16.12, temperaturen ute er + 4 grader og det er opplett. Då eg stod opp i dag, var himmelen klår og etter kvart kom det sol i stova, ca 9.25. I dag var det trening, men før vi kom så langt hadde eg gjort litt husarbeid og sett meg til å strikke. Etter treninga var eg ein liten tur innom Spar, det var noko eg trong til brødbaksten - kanskje i morgon. Då eg kom heim hadde eg frå meg varene, men bestemte meg for å gå ein tur mens eg hadde ytterkleda på.Eg trefte på naboen med det samme eg kom ut og ho fortalde at no var det fint å gå på Fonnvernet for dei hadde laga brei veg. Så eg bestemte meg for å ta den turen i dag-og det gjorde eg. Men det var berre på sjølve muren det var brei veg, på andre sida var det same gamle,smale råsa som før. Men det gjekk heilt fint å komme seg rundt når eg gjekk i piggskor. Eg har også vandt meg til å gå med ein stav, mest for å rette meg opp i ryggen, men den hjelper meg på ein annan måte også - kanskje med balansen? Då eg kom heim og såg på klokka hadde eg jammen vore vekke ein time i dag også. Eg laga ikkje middag i dag , men tok eit par brødskiver, det er no greitt nok somme dagar. Etter måltidet sette eg meg til å strikke, så eg har halde meg vaken til denne tid. Det skjer ikkje så veldig mykje om dagane, og det er kanskje det beste. Det var nokon som la inn bilde på FB frå vinteren 1979. Då var det veldig mykje snø, og det gjekk ras på Engeset, der tre menneske mista livet og fleire hus gjekk med. Det er ikkje så langt frå der vi bur, men eg trur ikkje det er fare for skred her. Eg hugsar den dagen då alle som kunne var med og grov. Nils var der også. Elles så minte naboen meg på at det er "Grautatysdag" eller "Feitetirsdag" som vi sa, i dag. Det hadde ikkje eg kome på. Men eg skal ikkje lage rømmegraut i dag. Har ei heil skål med ferdigkokt graut i frysaren, men den tek eg ikkje opp når eg er her åleine. Naboen i nr.5 var innom ein tur, og ho hadde vore heldig. Ho hadde handla mat for over 500 kr på Spar, og då ho var på veg heim fekk ho melding på telefonen om at ho hadde "vunne" like mykje pengar som varene kosta; pengane var sett inn på truf-kontoen hennar. Dette er visst noko som skjer 4 gonger for veka, men det har aldri hendt meg. Det kan vere lurt å handle mykje i gongen i tilfelle.......

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...