onsdag, februar 10, 2021

Dagbok 2021: 10.februar

Klokka er no 16.42, og sola gjekk ned for 2 minutt sidan.Ho kjem inn i stova om lag til samme tid kvar dag men drøyer litt kvar ettermiddag. Sist natt hadde det snødd aldri så lite, temperaturen akkurat no er ca minus 6 grader, men den kryp nok nedover, for no er det klårt så det blir nok kaldt til natta igjen. Elles så er det fine dagar så lenge sola er framme. I dag bestemte eg meg for å gjere litt husarbeid, så eg vaska kjøkken, bad og sorerom. Fint å ha ut golvteppe når det er opplett. Så kledde eg meg om og skulle gå tur kl.13. Men då eg kom opp i Storebakken såg eg så mange bossdukar som stod ved vegen. Då kom eg på at det var henting i dag, og eg skunda meg heim på vona at bossbilen ikkje hadde vore der enno.Det hadde han dessverre. Eg gløymer ofte at det er bosshenting, men som regel høyrer eg når bossbilen fer ut gata, og då har eg tid til å sette opp dunkane til han kjem tilbake. Men bilane fer stilt på snøvegane no. Eg hadde ikkje gått heile runda mi, så eg gjekk ut att og tok ein liten tur til. Målet er å gå ein time kvar dag. Eg laga ikkje middag i dag, men tok meg litt brødmat i 15-tida. Fekk melding frå Einar i går om at han kanskje kjem innom her i kveld, sidan han hadde eit oppdrag på desse kantar -men eg veit ikkje sikkert om han kjem.Elles er det ikkje mykje som skjer-og det er på ein måte bra. No ventar eg berre på å få innkalling til vaksinering. I går heldt varmen seg så lenge i huset at eg slapp å fyre mykje. I kveld trur eg det blir kaldare. Elles så blir det mange episodar av "The Crown", når det ikkje er noko anna eg skal sjå på TV. Men eg kan ikkje sjå så lenge sola er her, for den skin på skjermen. Eg sit mykje og strikkar av restegarnet mitt, "for å ha noko på hendene".Det er litt dumt å seie det når ein er så heldig å vere frisk, men det går an å bli lei Koronaen - no har det vart i snart eit år.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Du er flink til å halde motyet oppe og vere aktiv. Vi ventar alle på at du skal bli vaksinert, såpass det går an å vere saman att!

Besta sa...

Det er vel mi gruppe som står for tur til å få vaksine når dei får påfyll. Elles så er eg ikkje heilt isolert i og med at vi går på trening og på butikken. Men det skal bli godt å få vere i lag med familien igjen. Eg greier meg godt åleine, går turar og strikkar og ser The Crown-det er ikkje synd i meg ----så lenge eg er frisk.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...