lørdag, oktober 03, 2020

Dagbok 2020: 3.oktober

Klokka er no 18.00. Temperaturen ute er + 17 grader. Det har vore nydeleg vêr i heile dag.Eg var ikkje så tidleg oppe, og sprang ikkje ut med ein gong. Men eg fekk no gjort ein liten jobb før middag. Eg skamklipte laurbærheggen, noko eg gjer av og til for at den ikkje skal bli for stor. Det er ingen stor jobb, men eg fekk i alle fall 4 fulle sekker med avklipp. Og så kom der av og til folk forbi, så det vart litt sosialt også. Etter at eg hadde rydda opp etter meg vart det pause og mat. Etter måltidet som vi kan kalle middag, la eg meg ut på solsenga med bok på øyret. Etter kvart vart lufta meir disig, men ikkje så gale som i går. Då gjekk eg ut og klipte litt meir, denne gonge var det barlinda ved kjellardøra som måtte blø, og så vart den enda ein sekk med "hageavfall"-no har eg snart nok til å ta ein tur på VØR. Før dreiv eg og mol opp greiner og kvistar på kompostkverna, det var heilt greitt så lenge eg hadde plass i kompostkassa. Eg har mykje hageabeid igjen før eg kan krype i hi.Og bra er det.No skal eg lese ut boka eg held på med og så blir det TV resten av kvelden. Eg ser alltid fram mot Stjernekamp.Strikketøy har eg også, og garnet er tynt så eg har arbeid lenge.Eg håper at eg får litt besøk av barn og barnebarn i haustferieveka, men eg har forståing for at ein må ta omsyn til ev. smittefare. Eg er jo i faresonen, akkurat som Trump- gammal og overvektig!

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 3.mai

 Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...