torsdag, oktober 01, 2020

Dagbok 2020: 1.oktober. Eldredagen.

Bildet er tatt av ein ekte fotograf som bur på andre sida av bygda. Dei har fin utsikt der. Klokka er no 18.10, temperaturen ute er + 16 grader C; for eit par timar sidan var det + 20. Det har vore ein nydelig haustdag. Eg har ikkje vore så mykje ute i dag, for eg har hatt andre ting på programmet. Først skule vi på trening klokka 12.30, og før den tid vart det ikkje så mykje gjort. Men eg fekk i alle fall vaska og rydda kjøleskapet. Det er ikkje så mykje arbeid, berre eit tiltak. Etter treninga var vi på Amfi for vi ville få influensavaksinen på Apoteket. Men dei hadde ikkje kapasitet i dag, så vi må vente til neste veke. Folk som er i faresonen bør ta vanleg influensavaksine så dei ikkje risikerer å få både Corona og vanlag på samme tid. No er ikkje eg så veldig i faresonen, det er berrre alderen som "feilar" meg. Men eg likar å vere på den sikre sida. Eg har tatt influensavaksine kvart år etter at Nils vart sjuk. Først var det ordre frå legen, seinare har eg gjort det av eigen fri vilje. Viss alle vaksinerte seg, så ville ein kanskje stoppa ei influensa. Ikkje veit eg. Kjøpte litt lestegarn på -nille, det kosta berre halvparten av det garnet er vanlegvis kjøper, så eg kan ikkje rekne med at det er like bra. Margrete var til Volda i dag-til legen. Ho er ikkje coronasmitta, men ville vite om ho kunne smitte andre med den sjukdommen ho har. Det blei tatt mange prøver, men det var ikkje noko alarmerande. Derfor tok ho ein tur hit til meg, så vi fekk oss ein prat. Eg fekk ikkje servere henne noko som helst fordi ho var sår i halsen. Etter at ho hadde fare, varma eg opp resten av grauten frå i går-det vart middagen i dag. Etterpå vart eg så trøytt at eg datt ned på dagsenga med lydbok ei lita stund og no er det snart tid for å legge opp eit spøt og sette seg framfor TV-en. Denne veka har gått frykteleg fort, så no er det snart helg igjen. Og haustferie for somme.

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 3.mai

 Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...