torsdag, september 03, 2020

Dagbok 2020: 3.september





Tre klematisplantar trivest i lag




Klokka er no 17.50, temperaturen er + 17 grader og det er skya, men opplett.
Sist natt vart eg liggande vaken lenge, eg hadde nok drukke for mykje kaffi i går kveld, eg brukar ikkje å drikke kaffi om kvelden. I dag var det eit heilt anna vêr enn det vi har hatt siste dagane, det var overskya og eg syntest det var litt skymt. Det var heller ikkje fritt for at det regna. Kort sagt: Det var ein innedag.
Eg henta inn klede frå altanen og la i hop, så strauk eg nokre plagg etc. Glasruta i omnen såg ikkje ut. Det er fordi eg har drive og brent all slags greier i staden for å ha det i bosset. Tidleg i sommar shina eg opp omnen, men så begynte eg å brenne igjen. Slikt straffar seg. I dag tok eg ut oska og begynte å vaske ruta, det vart ein større jobb enn eg hadde tenkt, og mange sortar vaskemiddel vart prøvd ut. NO er ruta bra, og viss eg no greier å la vere å brenne all slags rusk , kan den kanskje halde seg slik.
Potentillabuskene ved garasjen blomstrar endeleg


Så skulle eg støvsuge, hadde eg bestemt. Eg har ikkje greidd å opne støvsugaren slik at eg har fått bytta pose i det siste. I dag fekk eg det til, og no har støvsugaren fått støvpose som Rasmus bestilte frå Italia i sommar. Det var rette sorten. Det vart tungt å støvsuge i dag, for effekten er best med tom pose.(Eg kunne sjølvsagt ha stilt den ned, men eg vil ha best mogleg effekt). Parallelt med anna arbeid kokte eg risgraut for å nytte melk som enno ikkje var ute på dato, så det vart middagen i dag.
Marit og eg hadde planlagt å handle på Spar i dag, så eg shina meg litt opp til vi skulle fare. Det var nyopning på butikken i dag, og ein del tilbod. Mens eg venta på at vi skulle fare las eg ut boka mi.
Spar-butikken hadde verkeleg fått eit løft. Då dei heldt på å ominnreie såg der ut som ein labyrint. Eg trudde reolane skulle tilbake på plass, men nei. Der er framleis labyrint, men veldig fint og oversiktleg no. Det er den finaste matbutikken eg har sett på våre kantar. Og masse varer. Eg fann litt som eg trong, blant anna kaffi på tilbod, men kjøpe ikkje meier enn eg hadde bruk for. Eg skulle kjøpe sukker og JAM til plommene eg skal sylte. Eg tok ein 10-pakning med sukker og sa til Marit at no har eg sukker i to år, minst. Eg meinte eg hadde berre ein sukkerpakke att heime. Då eg kom heim talde eg 5 pakkar sukker i skapet + dei ti eg kom med, så no har eg sukker i all overskodeleg framtid.
Marit hadde ikkje så god tid i dag, så vi for rett heim. Dei hadde mange fine lyngplantar på Spar, så eg stikk kanskje nedom og kjøper ein til grava i morgon.
Eg lurte på om eg skulle gå ein tur på Vernet no eg kom heim, men det vart til at eg sette meg ned med ein kaffikopp i staden. Eg er litt trøtt i dag.
Eg meiner det er ei jente på Eid som fyller 20 år i dag, så då vil eg gratulere med dagen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 15.mai

  Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 25 grader og sola skin. Det har ho gjort heile dagen, og eg rekna med at det vart varmt etter kv...