mandag, september 21, 2020
Dagbok 2020: 21.september
Klokka er 17.40 og temperaturen ute er +13 grader C. Tidlegare i dag var det opplett og vind, men då måtte vi rekne med at regnet kom seinare og det gjorde det." Det kjem alltid bløyte etter blåster", sa dei i gamle dagar. Det har ikkje vore skikkeleg lyst i dag, så akkurat det vart litt "tungt".
Men eg hadde ein plan, og eg var effektiv først på dagen. Fekk inn i bilen 7 sekker med hageavfall og fór bort på VØR og fekk tømt dei der.Det var ikkje store sekker, men slike som vi brukar til plastavfall. Det var ikkje siste turen på VØR, for enno er det mykje som skal visne og falle av, det er knapt noko som har visna enno. Eg hugsar koleis det var i fjor haust, då regna det heile tida og det som skulle klippast vart ikkje tatt før i januar i år.
Så var eg fram på Mosflata på EIK-senteret og spurde etter lok på bensintanken. Det vart mykje om og men før dei fann fram på nettet. Det var ein som ville prøve seg på å seie at klipparen ikkje var kjøp der, men då var det ein ungdom som hadde funne det på nettet.Dei legg alle kjøp inn på data slik dei gjer på El-butikkane.
Då eg kom heim hadde eg litt lyst å jobbe ute , men vinden var kald , så eg gjekk i hus. Jobba litt med spanskleksa før eg laga middag. I dag fekk eg brått lyst på Pasta Carbonara,og då vart det det,
Der vart ikkje så mykje att til i morgon, men det var berre bra.Etter måltidet vart eg så mett og trøtt at eg la meg på dagsenga med Storytel ei stund. Eg vakna tidleg i dagmorgon og vart liggande å halvsove nokså lenge, så eg var trøtt .
Lenger er eg ikkje komen i dag, men eg har eit par jobbar på vent.
I morgon skal Marit og eg på trening frå 11-12. Etterpå skal vi på Alti fordi vi har ærend der. Marit skal køyre denne gongen, så då får eg sitte på i ein mørkeblå Nissan Note. Det er ein fin bil ho har fått seg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 5.august
Klokka er no19.00,temperaturen ute er+18 grader C, det er overskya men opplett. Men det har nok vore regn sist natt også. Denne sommaren ha...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar