torsdag, mai 07, 2020

Dagbok 2020: 7.mai


Ein halv klipt plen.

Klokka er 18.40, temperaturen er + 10 grader og no regnar det igjen etter at vi har hatt opplett det meste av dagen.
I dag hadde eg vekkarklokka på  for å vere vaken og oppe når legen min ringde. Telefonen kom klokka 9.05 så eg slapp å vente lenge. Og no har eg fått time for fornying av førarkort. Og det går eg ut frå at det ikkje blir noko trøbbel med. 
Eg dusja og vaska håret, for Marit og eg skulle på byen i dag igjen. Vi var på ALTI der vi begge kjøpte oss nye "spasersko"- fordi vi trong det. På heimvegen var vi innom Kiwi og handla litt mat i dag også. Eg hadde tenkt meg ut på Jernia for å kjøpe "spiss" til vannslangen, det gamle munnstykket er visst sprukke i alle saumar så vatnet er ikkje å få styr på. Det gløymde eg til eg var på heimveg. Men no har eg eit ærend ein annan dag også, skulle ha vore på VØR også. Vi har lyst å flakse rundt kvar dag no etter å ha vore så lenge i karantene.
Då eg kom heim fekk eg telefon frå Solveig, og etter den praten tok eg ein tur på Vernet i dag også. Då hadde eg på førehand testa om eg fekk start på klipparen, og eg hadde forsøkt å ta batteriet av kantklipparen utan å få det til. Det var for kaldt til anna hagearbeid.
Då eg kom att frå Vernet laga eg meg middag og åt. Då måtte eg ha ein pause med lydbok før eg gjekk ut for å klippe plen. Eg rota fram den gamle elektriske klipparen og rulla ut ledning. Den er det ikkje vanskeleg å starte, men det er ei lita utfordring for høgrehanda mi å halde hendelen inne. Eg fekk klipt halve plenen nedanfor huset-då begynte det heldigvis å regne såpass eg kunne avslutte. Der var mykje gras og ikkje minst stilkar av krokus scilla og andre løkplantar. 
Eg fekk sjå TV frå klokka 18 i dag-for å få med meg kva som no skal skje i samfunnet når dei skal opne opp skular, barnehagar m.m. No er det snart Dagsnytt så då må eg vere på plass igjen. No har det slutta å regne, men det skal godt gjerast at det blir tørt i graset. To av naboane har klipt plen i dag.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...