søndag, mai 17, 2020

Dagbok 2020: 16.mai




Under over alle under - eg kom meg inn på bloggen på skikkeleg vis til slutt. Det er passeleg straff å sitte her midt på natta og streve med maskintrøbbel, men det er til pass til meg når eg rotar slik.
Klokka er no 25 minutt inn i den 17.mai, som blir heilt annleis i år enn andre år.
Ute er det vel mest regn no, og temperaturen er + 2 grader.
Sist natt hadde det kome mykje snø igjen, eg håper den var den siste rida - det er nok no.
I går var eg på handletur i Vik og hadde no passeleg mykje med heim, men etter kvart sakna eg både det eine og det andre, så eg laga ei liste. Eg tenkte å ta ein liten tur på Kiwi på føremiddagen i dag.- Snø på vegen, ikkje brøyta, bil i garasjen med sommardekk. Det var berre å gløyme butikken. Marit meinte eg kunne ringe Janne for ho var akkurat og handla. Hadde det vore berre ein ting, så kunne eg gjort det. Eg hadde tenkt å lage ei  kake, men hadde ikkje på langt nær alle ingrediensane, så eg fekk sjå meg om etter ei anna løysing. Eg fann ein kakebotn i frysaren, og så vart det ei slags kake likevel. 
Eg venta besøk av oldebarnet med foreldre i dag, så vi måtte ha litt kaffimat. 
Det var kjekt å få sjå Amund LIVE , og eg fekk no halde han også. Eg hugsar kor redd eg var for Solveig då hennar oldemor gjekk og bar på henne. Men har ein hatt barn sjølve, og barnebarn, så trur eg ein kan halde eit oldebarn også. Eg vil påstå at han smilte litt til meg.
Etter at gjestane var reiste, var det berre å benke seg framfor TV. Eg fekk no felt av ein lest og lagt opp til ein ny.
No er eg åleine i huset igjen, leigebuarane reiste i dag før middag, så no er det veldig god plass å parkere på tunet her. Eg har no lyst på besøk, men vil ikkje at folk skal komme viss dei er redde for at dei kan smitte meg. Eg er ikkje så redd, men det er dumt å ta sjansar.
Kva eg skal gjere i morgon, veit eg ikkje. Eg har ikkje feira så mykje 17.mai i seinare år. Så eg kan no berre sløve om eg vil. Trur eg skal ligge lenge
Ønsker alle ein fin grunnlovsdag anten ein held seg heime eller finn på noko.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...