fredag, april 10, 2020

Dagbok 2020: 10.april


Klokka er no 17.10, temperaturen på tappa er nærmare +10 grader og det har vore opplett og relativt bra vêr i dag. Eg er framleis i frivillig karantene, men lurer på å bryte den litt i morgon om vêret er bra.
I dag har eg følgt vanleg sundagsrutine - ikke fordi det er sundag, men det er helg. Gjer litt husarbeid innimellom, men slit meg ikkje ut. På føremiddagen sat eg ei stund og såg TV og strikka. Så fekk eg ny spansklekse på FB, så eg fekk litt å gjere med den. Då klokka nærma seg 13.30 tok eg ein tur rundt i nabolaget før eg hamna på Vernet. Der var fint å gå i dag også. Der er alltid folk, men ikkje så tett at det er farleg. I går tok eg fram joggeskor og hadde på meg i staden for støvlettar, det var som å få venger på føtene. Eg gjekk så lett som ein ungdom på 70.
Etter turen tok eg ein liten reprise på spansken mens eg kokte potet og gulrot, resten av måltidet hadde eg att frå i går. Det var like godt i dag. Så la eg meg nedpå for å fordøye maten, med Michelle Obama på øyret. 
Før middag hadde eg vore ein tur ned i fryseskapet i kjellaren. Der hadde eg frose ned 2 X 1/4bløtkake. Gudane må vite kva tid den var laga, det må no i alle fall ha vore lenge før jul. Eg har ikkje hatt lyst på kaka, for det blir ein og annan kakebit her og der innimellom. I dag tok eg opp eine 1/4-delen og delte i to. Kaka var faktisk god, enda det var krem på. Etter at eg hadde kvilt åt eg halvparten av firedelen, dvs. 1/8 kake og drakk kaffi til, så no trur eg at eg må kvile ein gong til. Så har eg 1/8 i kjøleskapet til i morgon. Dette vart mykje brøkrekning, nesten som "kokkematte" som Rasmus underviste i då han var i Honningsvåg. 
No må eg køyre gjennom spanskleksa enda ein gong viss det skal sitte att noko. Eg begynner å føle at det vert litt lettare etter kvart. Å lese og forstå går greitt, det er verre når ein skal lage setningane sjølv. Men litt på ein ha å bryne seg på.
Dei blå blomstrane pryder plenen mot gata, men eg får ikkje rette fargen på bilda. Blomstrane heiter Russeblåstjerne, og er ein slags scilla.
Eg må no fram på Eik-senteret ein dag og kjøpe plengjødsel, var der i fjor også. 
Det er spennande å sjå utviklinga av corona -epidemien her til lands viss dei begynner å sleppe opp litt. Det er uhyggeleg korleis det har gått i mange land.
Eg plar ikkje sjå nyheitene før klokka 19-kan ikkje tenke på Corona heile tida. 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28. april

Klokka er no 22.10, teperaturen ute er + 10 graderC  og vi har hatt fin ver i dag. Den siste snøen som kom i fjella smelta sikkert i dag. Eg...