tirsdag, mars 24, 2020

Dagbok 2020: 24.mars



Mormor 54 år-står det under dette bildet. Det er frå påska 1994.


Klokka er 18.07, temperaturen er + 7 grader og det har regna i heile dag. Slikt vêr er ikkje vidare oppløftande, så i dag har eg gjort ingen ting fornuftig. 
Sidan eg skulle på verkstad med bilen klokka 12, var det ikkje råd å begynne på noko storarbeid, så eg sette meg til å legge bilde frå eit album inn på datamaskina. Slikt tek litt tid, men alle synest det er kjekt å sjå att gamle bilde. Ja, no snakkar eg om familien. Det kan no hende eg brukar nokre av bilda her også, sidan eg ikkje får brukt telefonen til å ta bilde med. Det vart også ein liten spanskleksjon før eg måtte fare. Det var ikkje så mykje trafikk i dag, men heilt daudt var det ikkje i Vik. Døra til verkstaden var låst og eg kunne ikkje gå inn, men måtte ringe med telefonen og snakke med ein mann, og så sleppte eg nøkkelen til bilen inn i eit hol ved døra. Eg meiner at reparatøren sa at eg kunne hente bilen om ein time. Eg kunne ikkje gå nede i Vik og trakke ein time, og på kafé ville eg ikkje gå, så eg spurta opp bakkane og heim. Etter ca.1,5 timar ringde dei frå verkstaden. Det han sa var at bilen var heilt OK, men der var noko tull med ABS-bremsene. "Ja, kan du gjere noko med det, då?" spurde eg. "Ja, viss du ikkje må ha tilbake bilen i dag, så kan eg sjå på det i morgon," sa han.
Nei, eg trong ikkje få att bilen i dag, eg hadde ikkje lyst å gå ned att i Vik i regnvêret ein gong. Men eg får kanskje tilbake bilen i morgon.
Eg hadde ikkje lyst å gå laust på noko arbeid så seint på dag, så eg tok heller og laga meg litt mat, spagetti+ bacon og tomatpuré. Etterpå la eg meg på sofaen med lydbok på Storytel.
Seinare laga eg kaffi og sette på TV-en i 17-tida. Eg orkar ikkje å ha på TV heile dagen og høyre om Corona. I Ørsta er det no ingen som er smitta, men kanskje eit par i Volda?
Eg er likevel veldig påpasseleg og er ikkje i lag med folk. Har mange venner på FB, og no har vi som går på pensjonist-spansk begynt å sende meldingar til kvarandre på spansk. Vi lærer litt av det også. Vi brukar sjølvsagt Google translate-det gjer i alle fall eg. Men eg har kjøpt meg spansk ordbok også. Ofte skriv eg setningane først, og legg dei inn på Google for å sjå om det er rett.
Når det gjeld fødselsdagen min, så er den utsett på ubestemt tid, eg tek ikkje imot besøk på sjølve dagen. Det er ikkje det minste synd i meg, eg vil sjølv ha det slik. Men det er lov å ringe til meg og sende helsing på Facebook. Det viktigaste er at eg får lov å bli gammal.
No skal eg sette meg til å sjå TV og strikke utover kvelden. Håper at det ikkje blir BERRE Corona.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...