mandag, februar 10, 2020

Dagbok 2020: 10.februar






Klokka er17.00, temperaturen er + 2 grader, det er surt og kaldt og det snøar langt ned etter fjellsidene, her nede regnar det. I dag har eg avspasert og lata meg litt for å ladde opp for resten av veka.
Etter at eg var på trening sist torsdag har eg hatt meir vondt i armane igjen, og sist natt hadde eg problem med å sove. Men når eg først er oppe går det bra.
I dag skulle eg hente ei bok på biblioteket, men der opnar dei ikkje før kl.12.00. Eg fekk tid til å ordne ein klesvask og jobbe med spansken før eg for nedover. Marit og eg har gjort det til ein vane å seie ifrå når vi fer til Vik, i tilfelle den andre har ærend. I dag hadde Marit ærend på apoteket. Apoteket er på ALTI, og bilverkstaden der Marit tek EU kontroll ligg tett attmed. Eg spurde Marit om ho ville vere med meg sidan ho var godt kjent, og det ville ho. Så no har eg bestilt EU-kontroll; dei ringer meg om tidspunktet seinare. Bilen skal vere kontrollert og ev.reparert i god tid før 30.april, stod der i brevet eg fekk  frå Statens vegvesen, så eg ville vere ute og bestille i god tid. Vi hadde ikkje andre ærend så vi henta boka og køyrde heim.
Eg sette meg til å lese, men vart så trøytt at eg tok strikketøyet i staden, eg strikka til det var på tide å varme maten frå i går. Fisken smakte godt i dag også, men då eg sette meg ned etterpå sovna eg ei lite stund. No har eg kokt meg kaffi, så eg håper på å halde meg vaken heilt til eg skal legge meg.
I dag prioriterer eg å lese boka som eg har venta på lenge, det er den tredje boka i Lars Saabye Christiansen sin trilogi om Byen, dei to første las eg på Storytel, den tredje les eg på papir.
Bilda er det Marit Lystad Johansen som har tatt. Eg synest dei var så fine, men så er ho fotograf, då. Motivet er henta frå Ose-elva ovafor brua. Som de ser er det rikeleg vatn der.

1 kommentar:

Unknown sa...

If you're trying to lose pounds then you certainly need to jump on this brand new personalized keto meal plan.

To create this keto diet, certified nutritionists, fitness couches, and professional chefs joined together to produce keto meal plans that are effective, decent, price-efficient, and satisfying.

Since their grand opening in January 2019, 1000's of individuals have already completely transformed their body and well-being with the benefits a professional keto meal plan can provide.

Speaking of benefits: in this link, you'll discover 8 scientifically-proven ones offered by the keto meal plan.

Dagbok 2024: 25.november

 Klokka er no20.05, temperaturen ute på trappa er + 8 grader, så no smeltar snøen, men det tek si tid med dei store haugane. Eg har berre så...