Klokka er 17.20, temperaturen + 3 grader ; det regnar og snøen smeltar litt etter litt. Eg kan ikkje hugse ein så mørk vinter som det vi har hatt til denne tid. Vona er at dagslyset og energien vil vende tilbake. No er jula definitivt over og i morgon skal julepynten ut. Hadde tenkt å ta den i dag, men slo det ifrå meg. Sov ikkje sist natt så eg har vore litt trøtt i dag. Eg har brukt tida til å lese bok for det meste, og så hadde eg ei lang telefonsamtale med Bodil. Ho og Svein vil no komme ein tur når vêret vert litt betre.
Eg veit ikkje om eg kjem meg ut ein tur i morgon, men tysdag blir det i alle fall trening så då må av garde både Marit og eg. Vi plar handle mat etc. etter treninga, og no har det kanskje minka i lageret mitt såpass at eg må fylle på litt.
Eg har vore ut over alle grenser lat denne jula, så eg ser fram til å komme i siget igjen. Lurer på om leigebuarane kjem att i kveld?
Eg har lite å skrive om når det ikkje skjer så mykje. Det eg lurer på no er om Eirik om seg av garde i dag og om dei snart er framme i Trondheim. Det er eit lite attelet med dei som er på reise i desse tider.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.august
I dag har det regna, og eg har ikkje sett sola Klokka er no 17.24, temperaturen ute er +15 graderC, og det er nokså over...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
1 kommentar:
Eirik er vel framme no :)
Legg inn en kommentar