Klokka er no 17.20, temperaturen er 0 grader og det er stort sett opplett no, men noko snø har det vel kome i dag også. Bilda. er tatt ca.14.00. Tunet mitt vart moka i dag f.m. av ein eller annan nabo-eg såg ikkje kven.
Eg begynner å få orden på dag og natt etter kvart. Set mobilen på vekking og legg meg i skikkelig tid, dvs. ca. kl.1. Må øve meg på å stå opp "tidleg" for tysdag er det trening igjen.
Eg fekk melding om at Eirik ville komme bortom når han var ferdig på jobben, dvs. etter kl.15. Eg laga ikkje middag i dag, men vi åt bollar og pålegg og drakk kaffi. Det er alltid kjekt når nokon av barnebarna kjem, dei er no vaksne no så vi kan snakke om det meste. Eirik skal tilbake til Trondheim i morgon.
Eg har ikkje gjort noko særleg til nytte i dag, men over helga blir det ut med jula og opprydding. No har eg ikkje så mykje å rydde vekk -heldigvis. Men skal no kjøpe meg eitt eller anna til å pynte opp med-kanskje plantar.
Eg las ut ei bok på føremiddagen, så no er det berre ei bok att i serien. Men lesestoff har eg mykje av, fekk mange bøker til jul. Det blir at eg les ein del no når eg ikkje kan strikke så mykje. Ikkje kan eg gjere så mykje anna heller. Dessverre. Men litt lyt ein vel rekne med når ein nærmar seg 80.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar