torsdag, januar 02, 2020

Dagbok 2020: 2.januar




Klokka er no 15.50, temperaturen er + 8 grader, og det regnar. Tidlegare i dag var det vind og + 10 grader. Eg sov ekstremt lenge i dag tidleg, dvs. eg sovna seint på natt og sov til langt ut på morgonen.
Eg hadde bestemt meg for å gå tur på Fonnvernet i dag dersom vêret var brukbart-det var det, vind men ikkje regn. Eg gjekk først på Turvegen , så tok eg bilde på reten av turen. Fonnvernet er blitt ein møteplass her hos oss, ein møter alltid folk der, og ofte nokon ein kjenner. I dag møtte eg berre menn som eg ikkje kjende, men mange helsar og pratar. Eg møtte m.a. ein svarthuda mann med tre små gutar(to av dei var kvite). Han: Det blæs! Eg: Men det er ikkje kaldt. Han: Nei, det er varmt!
Eg var så vidt komen i hus att då regnet kom. No har eg laga meg "Pasta carbonara" og ete meg stappmett. Det er ikkje så ofte eg et middag, så eg er ikkje vant med store måltid.
Viss eg skal komme meg på butikk ein dag må eg komme meg opp i skikkelig tid, for det er ikkje lyst så lenge.
I dag fekk eg trusselmelding frå Sparebank 1 igjen. Dei truar med å stenge kontoen min viss eg ikkje kjem med legitimasjon og pass. No har eg time på lensmannskontoret for å få pass den17.januar. Dette har eg opplyst om i banken, og dei har langt det inn i systemet sitt. Så alt skulle vere i orden. Men det var lokalt, ikkje sikkert at opplysningane har kome heilt fram. No er eg lei av maset!
No kjem eg vel til å sjå TV og lese bok resten av dagen. Det er smått med arbeidslyst.

Ingen kommentarer: