fredag, januar 03, 2020

Dagbok 2020: 3.januar

Klokka er15.55, temperaturen er + 1grad C. I går såg eg vêrmeldinga, då lova dei at det skulle forsatt vere "varmt", så eg vart litt forundra då eg vakna opp til kvite marker. Blæs gjorde det også. Eg var ut i garasjen og henta inn litt ved, då måtte eg samle inn ein det UFO-ar som var på avvegar. Så som plaststolar, snøskuffer og liknande Såg at dei andre hadde bossdunkane sine ute, og dermed måtte eg også sette min på plass. 2 posar med matavfall etter jula, det meste potetskrell og kaffigrut. Dunkane er i alle fall store nok.
Føremiddagen vart eg sittane framfor TV-en og sjå gravferda til Ari Behn. Eg tenkte litt bakover i historia på den tida då dei som tok livet av seg ikkje vart gravlagde på kyrkjegarden ein gong. Same kva ein meiner om familien Behn m.fl. så er det bra at det vert openheit om slike ting. 
Etter gravferda varma eg opp att resten av middagen frå i går, så no er eg mett. Vaska opp litt, og så har eg drive med litt klesvask - det er alt i dag. Eg kan vere glad for at eg gjekk tur i går-i dag fristar det ikkje.

I dag er det dåpsdagen til Rasmus, og Solveig sin halvtårsdag. Rasmus vart døypt i kyrkja på Raudeberg den dagen Solveig var 1 1/2 år -i 1965. Dessutan er det fødselsdagen til Arne, Rasmus sin svigerfar; viss eg ikkje tek feil er han 86 år i dag. Eg vil hermed gratulere han med dagen.
Det blei ikkje tur til Vik i dag heller, det snøar ute og det blæs, så ein har det best inne. Eg har eit godt  TV-apparat, Storytel på mobilen, ein bunke med blad og ein haug bøker, så eg kan godt gå i hi. Berre ikkje straumen ryk!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28. april

Klokka er no 22.10, teperaturen ute er + 10 graderC  og vi har hatt fin ver i dag. Den siste snøen som kom i fjella smelta sikkert i dag. Eg...