onsdag, januar 01, 2020

Dagbok 2020- 1.januar

Klokka er 17.30, temperaturen ute er + 7 grader, det har regna, og dagen har vore nokså mørk. Alt klokka 13 merka eg at dagslyset begynte å forsvinne. Men vil ein ha mildvêr på denne årstida får ein ta det som følgjer med. No ser eg framover til lengre og lysare dagar.
I dag, som i går, vakna eg grytidleg fordi armane verkte. Eg greidde etter kvart å sovne igjen og sov til nærmare kl. 11.  No tek ikkje min "ferie" slutt slik som med yrkesaktive folk, men eg får litt meir struktur på dagar og veker når eg no skal ta opp att dei vanlege syslane mine, med trening, spanskkurs og diverse anna. Mellom anna skal bilen min til Eu -kontroll, eg skal fornye sertifikatet og skaffe meg pass. Må ha pass no for å kunne bruke bank-ID. Eg har bestilt time på lensmannskontoret den 17.januar kl.12.45. Det er litt av kvart å passe på.
I dag har eg ikkje gjort anna enn å sjå litt TV, vere på Data, høyre Storytel og starte med den nye dagboka mi. Rasmus passar på at eg får ny dagbok til jul kvart år. Eg har skrive dagbok om lag kvar dag sidan 1992. Ikkje så veldig spennande lesnad for alle, men Nils og eg brukte å sjekke dagbøkene når vi ikkje husa tid og stad for det som hadde vore.
Eg blir litt sløv og uopplagt når eg går inne i huset heile dagane og ikkje tek meg til så mykje. I dag tenkte eg at eg kunne ta ein tur på Fonnvernet for no er vel isen borte. Men då eg såg ut, var det nesten mørkt.
Eg er glad for at det er yrkedag i morgon, så blir det kanskje ein tur på butikk, har ikkje handla noko sidan veslejulaftan, men eg har no alt eg treng og vel så det. No skal eg snart ha meg litt mat, det er lenge sidan frokost.
Når eg går her åleine inne i huset, skjer det ikkje så mykje spennande som eg kan fortelje om. Det er kanskje like godt.
Ønsker i alle fall alle lesarane min eit Godt nytt år. Vi veit lite om det som skal skje-men vonar på det beste.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...