tirsdag, desember 17, 2019

Dagbok 2019: 17.desember


Klokka er snart halv sju, temperaturen ute er + 4 grader og det regnar. Det er  knapt nok lyst midt på dagen. Men eg vil ikkje klage på regnet, det slepp eg i alle fall å moke. 
I går skrytte eg av kor flink eg hadde vore å jobbe. Jau, takk, den flinkheita vart straffa hardt. Eg sovna då eg la meg, men vakna etter ein time fordi eg verkte så innmari i armane. Eg stod opp og leita febrilsk etter Paracet, men fann ingen ting. Eg smurde meg med den fabelaktige salven som eg kjøpte på nett. Trur ikkje den hjelpte så mykje, men eg sovna i alle fall igjen og sov til den lyse morgon. Eg hadde tenkt å ta det litt roleg i dag og det har eg gjort. 
Men eg måtte ta ein tur nedover og melde meg i banken. Har fått massevis av meldingar om å kome til banken og ta med gyldig pass osv. I dag gjekk eg inn i banken og melde meg. Viss eg ikkje hadde brukt nettbank og bank ID kunne det greidd seg med førerkortet som identifikasjon, men sidan eg brukar nettbank må eg ha pass. Eg fekk råd om at eg skulle ringe lensmannskontoret og tinge time. Det gjorde eg , og fekk time den 17.januar. Så må eg inn att i banken og orientere dei om kva tid eg har fått time.
Eg fekk kjøpt meg Paracet og litt frukt mens eg var i Vik, og så fylte eg bensin på bilen.
Då eg kom heim gjorde eg litt diverse arbeid, mellom anna fyrte eg i omnen. For å spare armane litt sette eg meg pal i godstolen, men spratt opp att etter ei stund, for då hadde eg funne ut at litt krumkaker måtte eg ha til jul. I dag brukte eg Ingrid Espelid si oppskrift. Den var om lag slik som den eg har brukt før, men med litt meir vatn i, så deigen vart ikkje for tjukk. Det var ei lita oppskrift, berre ca.25 kaker. Mens eg steikte tenkte eg litt på fordums tider, då det berre var eg som hadde elektrisk krumkakejern og steikte til heile familien. 
Og så hugsar eg Nadja, ho fekk ete det som eg ev. skar vekk på kantane. Ho var alltid på plass under steikinga. Eg prøvde å rekne etter og det er i alle fall 4 år sidan sist eg laga krumkaker-om ikkje meir.
I morgon skal eg køyre Marit til frisøren hennar i Gågata, så då kan eg stikke inn i banken med det samme. Og så kan eg ev. gjere andre ærend. Eg har ei kjempelang hugseliste, men den tek eg ikkje enno, for det kjem sikkert meir til. 
Eg kjenner at eg får for lite mosjon, men det er kanskje bert på Fonnvernet no, såpass eg kan ta meg ein tur, men dagane er korte og mørke.
Datoen i dag minner meg om at ein av gutane på Eid har fødselsdag.




Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...