mandag, desember 16, 2019

Dagbok 2019: 16.desember





Klokka er no 18.25, temperaturen ute er + 2 grader og det regnar. Eg har ikkje vore lenger enn ut på altanen i dag-det var på føremiddagen og vêret var fint og utan nedbør.
Eg brukar å syte over at eg ikkje får gjort noko; i dag skal eg gjere tvert imot, eg skal skryte av alt eg har gjort. Det verste er å kome i gang, så eg starta arbeidsdagen forsiktig med å feste trådar i eit lestepar.
Så fann eg fram kjøtet som Einar og eg hadde kjøpt, og begynte å skjere det opp i terningar. No er eg så heldig at eg har ein diger, god kniv, og så har eg knivstål. Det ønska Nils seg- og paradoksalt nok kjøpte eg det til han til siste gongen han hadde fødselsdag. Han fekk ikkje brukt det mykje, men han demonstrerte det slik at eg no har nytte av det. Eg slipte kniven sylskarp før eg gjekk laus på oksen. Det gjekk heilt fint, eg fekk steikt kjøttet, så no er det berre finpuss som skal til på Stroganoffgryta som eg skal lage til 2.juledag. Det er ein tradisjon vi har hatt nokre år, å samlast her 2.juledag.  Viss Håkon kjem seg hit blir vi 12 med meg. Håkon har operert eit kne, så det er ikkje sikkert at han blir mobil.
Etter at eg hadde gjort ferdig kjøttet og rydda opp, kom turen til soverommet. Sidan det var så bra vêr hadde eg hengt ut både sengklede og golvteppe, så det var berre å vaske, og sidan eg var i gang tok eg badet og kjøkkenet med det samme, så kan eg ta siste vasken før jul på vesle julaftan.
Vaskemaskina jobba med sitt nede i kjellaren, men eg måtte no ned av og til for å flytte klede over i tørketrommelen. No har eg lagt i hop og stroke det som skulle strykast av maskin nr. 1. Nummer to er på tørk.
Elles har eg tatt oska ut or omnen og fyrt med ved.
Ei stund sat eg og la kabal på data mens eg høyrde lydbok. Då fekk eg telefon om frammøte i banken; eg har fått ørten e-postar og mobilmeldingar før om å møte fram i banken -med gyldig pass. Eg har ikkje gyldig pass og har ikkje tenkt å skaffe meg det før eg ev.treng det. Men ho eg snakka med i dag, sa at eg kunne bruke sertifikatet som identifikasjon, og så måtte eg love å gå i banken i løpet av veka. Så no må eg vel ta meg sammen.
Eg hadde inntrykk av at eg ikkje hadde gjort så mykje likevel no når eg ramsa det opp-det plar vere motsett, det plar sjå meir ut på prent.
No skal eg kose meg med å sjå på TV og strikke ferdig ein lest.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...