lørdag, desember 14, 2019

Dagbok 2019: 14.desember

Klokka er no 22.15, temperaturen er + 4 grader og det er nydelig vêr og måneskin ute. Eg kom nettopp heim frå Fosnavågen der eg har vore på konsert med Adam Douglas i lag med Margrete og dei fire barna. Det var veldig flott konsert, men mykje høg lyd, noko som triggar  tinnitusen min. Men det bryr eg meg ikkje så mykje om. Det går over - nesten.
Eg var litt bekymra fordi Margrete sin bil var for liten til å romme alle. Men vi fann ut at Eirik kunne køyre min bil, og eg kunne sitte på. Eg har fått eit heilt nytt syn på bilen min etter denne turen, for Eirik køyrde så fint og jamt og trygt. Det eg var redd for var at det kunne bli vanskar på heimvegen i den bratte enden av tunnelen, så eg sende eit spørsmål til Bodil om giring. Eg fekk ikkje svar med ein gong, så eg las like godt i boka som følgjer med bilen, og fann ut at vi kunne sette den i 2 i nedoverbakke. Då vi var på plass i konsertsalen fekk eg svaret frå Eid- og det stemte med mitt. No er det automatgir på bilen, så det er ikkje vanleg giring eg skriv om. Men Eirik fann ut at det var unødvendig å skifte gir. Og alt gjekk berre fint. Eg fekk meg ein fin tur i min eigen bil, og bilen fekk ladda batteriet.
Eg kan ikkje beskrive konserten, slike ting må ein oppleve sjølve. Men vi vart ikkje skuffa.
Vi hadde reist heimanfrå i god tid, eg tenkte vi kunne ta ein kaffikopp i resepsjonen slik eg har gjort dei gongane eg har vore der før, men der var fullt av folk og alle borda var reserverte, og til alt overmål var der eit heilt hornorkester med songar som underheldt. Vi gjekk ein liten tur i gata før vi gjekk inn for andre gong. Der lukta mat overalt, og då vi gjekk ein etasje ned var der full julebordoppdekking, eit stort bord med dessertar og kaker stod midt i glaninga der alle folk gjekk forbi når dei skulle inn i konsertsalen. Eg syntest ikkje det var så appetittleg. Synest dei kunne kosta på seg litt fleire vegger.
I dag har eg ikkje "gjort" mykje. Men på føremiddagen køyrde eg fram på gravplassen i lag med Marit. Vi hadde kjøpt kransar og lys og skulle pynte opp. Men dei visne lyngplantane stod blegg fastfrosne i jorda, og var ikkje råd å få opp. Eg tok og køyrde heim etter sakser, såpass vi fekk klipt av det meste. Eg sette nye batteri i lykta, men det "levande" lyset eg hadde med fekk eg ikkje tent med gasstennaren eg hadde med. Med det samme eg kom heim på kjøkkenet, då virka den. Marit var ute for det samme. Eg fekk ikkje pynta så fint som eg ville, på grunn av rusk og fastfrosen is, så eg får  ta meg ein tur fram att viss det blir mildare vêr.
Eg er veldig godt fornøgd med denne dagen. Det er kjekt å komme seg på tur og oppleve Adam Douglas live-har jo sett han på TV mange gonger.Får takke Margrete spesielt , det er ho som arrangerer.
I dag er det forresten på dagen 40 år sidan eg tok sertifikat.




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...