søndag, desember 15, 2019

Dagbok 2019: 15.desember.

Klokka er no 16.20, temperaturen ute er 0 grader. Det har vore opplett og fint i dag, så eg kan angre litt på at eg ikkje har vore ute og gått tur. Eg har ikkje vore lenger enn ned i tilbygget.
Då eg kom heim i går kveld, sette eg meg til å sjå TV-program som eg hadde tatt opp, dermed vart klokka 2 før eg la meg. Det var no ikkje så gale, men så fekk eg ikkje til å sove, siste gongen eg så på klokka var ho 4. Klokka 8 var eg vaken igjen og stod opp ei stund etterpå. Eg var trøtt og uopplagt og hadde ikkje lyst til noko. Men eg fyrte godt i omnen etter kvart og las ut Storytel-boka mi. Så no har eg lese fire bøker av den 8-bok lange serien. Serien er grei nok, og lettlest, så eg slepp å grunde så mykje. Eg trur eg sovna aldri så lite under lesinga, så då vart eg litt lettare etterpå.
No har eg bakt 3 brød igjen, brøda går fort unna her i huset sidan eg stort sett et brød til alle måltid. Håper eg er heldigare med brøda denne gongen, dei som eg bakte sist vart noko smuldrande.
Eg hadde halvvegs tenkt å handle litt i dag, men orka ikkje sidan eg var så trøtt. Eg får heller begynne å skrive ei liste slik at eg ikkje "gløymer" noko kvar gong eg er på butikk.
Eg får ikkje gjort så mykje som eg gjerne ville til jul, armane er ikkje gode og det manglar litt energi også. Det er i grunnen litt rart, for eg brukar å ha arbeidslyst-håper det rettar seg når sola snur. Det var så mykje eg ikkje fekk gjort i hagen denne hausten, for regn og snø etc. øydela.
No er begge leigebuarane mine reist heim til jul og eg er åleine i huset, og så har eg god parkeringsplass for dei som kjem på besøk. Bilen min står i garasjen, og det er så bra -då slepp eg å koste snø og skrape is. No skal eg snart ta fram strikketøyet og sette på TV-en. Eg strikkar ikkje så mykje, men det går fint å strikke nokre lestepar. No er det ei arbeidsveke -så er det jul.
I kveld er det julekonsert i Voldakyrkja med fleire kor, men dit skal ikkje eg. Det er så mange konsertar denne tida at det er ikkje mulig å få med alt.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...