lørdag, november 02, 2019

Dagbok 2019: 2.november



Klokka er 15.50 og sola held på å forsvinne frå her eg bur. Har hatt sol i heile dag. Temperaturen er + 4 grader. Eg har ikkje vore ute i dag, men reknar med at det kanskje blir ein tur på Fonnvernet i morgon.
No sit eg og ventar på Margrete og barna, som eg har invitert til middag. Eg har laga gulasj etter oppskrift og er spent på om den fell i smak. Eg er altetande, så for meg er den bra nok, og veldig sunn har eg funne ut.
I dag har eg mest gått og virra. På føremiddagen fann eg ut at eg kunne bytte på senga og vaske soverommet, det har ikkje vore ver til det i det siste. Bodil og Svein kom ein tur innom etter at Bodil hadde henta dei nye brillene sine. Etter at dei hadde reist gjorde eg ferdig gulasjen,  dvs. skal opp poteter, gulrot og paprika og hadde i.
Innimellom har eg spanska litt, løyst kryssord etc. Eg har ein stygg uvane med at eg begynner å vente på folk mange timar for tidleg. Omtrent med det samme eg er oppe. Margrete skulle hente Erlend kl.16.00, så dei er ikkje ventande enno.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 16 MAI

Idag har maskina mi fått ein ny ide; når eg vil ha små bokstavar; så skriv no store ; og nåreg vil ha store så skriv ho små: Derfor må eg si...