fredag, november 01, 2019

Dagbok 2019: 1.november

Klokka er19.15, temperaturen på trappa her er + 2 grader. Men i dag fekk vi finare ver enn vi har hatt i det siste, det har verken regna eller  snødd. Viss vi får bra ver no ei stund kan eg få gjort mykje ute. Trur eg.
I dag har eg vore aktiv, har jobba både med dei eine og det andre. Det er i grunnen slik eg vil ha det. Eg har laga mat, rydda og vaska, strauk litt klede også. Sudokuen gjorde eg ferdig til frokosten-fekk ikkje til alt i går kveld.
Innimellom var eg innom dataen -og i morgon kjem Margrete , så då skal ho få ordne mobilen, slik at eg får høyrt ferdig boka eg hadde begynt på. Ho og "ungane" skal kome til middag i 16-tida.
Bodil og Svein kjem ein tur tidlegare på dag, dei skal hente brillene til Bodil, ho var her førre veka og førebudde. Dei vil gjerne at ein hentar brillene, slik at dei får dei heilt rett tilpassa. Det er ein fordel.
Klokka 16 kom Ragnhild og henta meg, vi køyrde bort på Coop i Furene og handla litt før vi besøkte Tone på Mork-senteret. Ho skulle heim att seinare i kveld. Mork-senteret var ein institusjon som dei ville legge ned. Men alle brukarar og pårørande er glade for å ha institusjonar der ein bur.
No skal eg kose meg med TV resten av kvelden .
No når vi har begynt på november må vi vel finne oss i julepynt og julekaker på butikkane ? Eg trur eg må kjøpe litt pynt i år, for det vi hadde er delvis kassert.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...