tirsdag, oktober 08, 2019

Dagbok 2019: 8.oktober

Klokka er no 17.45, temperaturen er + 8 grader C. På føremiddagen regna det, men no på ettermiddagen lysna det litt, så no er det opphaldsvêr om ikkje anna. Eg synest det er kaldt og hustre, så eg held meg inne.
I dag var eg på trening 10-11. Grunnen til at eg går på trening er at eg har artrose i begge knea, og for å sleppe operasjon med det første, trener eg opp musklane rundt knea, eg er alt mykje betre enn eg var. Det er mange andre som går på trening for det samme. Armane trener eg mest heime, dei blir også betre etter kvart no når eg ikkje styrer med så mykje. Har ikkje fastsett diagnose, men går ut frå at det er ein slags senebetennelse.(Litt for mykje strikking i ein periode m.m.)
Då eg kom heim etter treninga, fann eg ut at eg skulle lage ei eplekake til, sidan eg hadde nokre eple att. Eg valde å prøve Margrete si oppskrift til ei forandring. Eg laga deigen etter oppskrift, men eg hadde ikkje notert kor mykje eple eg skulle ha, eller om eg skulle ha dei under , i, eller over deigen. Eg valde det siste. No synest eg at epla forsvinn heilt i kakene same kor mykje eg har i, så i dag lessa eg opp på deigen eit durabeleg lass med eple. Eg trudde aldri kaka skulle bli steikt, men tok den til slutt ut av omnen. Eg lurte på om den var RÅ inni, så eg måtte skjere meg eit lite stykke for å teste. Kaka var heilt OK, den.
Eg brukar ikkje å vaske steikomnen så ofte, det er liksom ikkje så populært, men i dag tok eg mot til meg og vaska det meste-heilt rein blir det aldri.
Eg vaska opp alt rotet for hand i dag, i staden for å putte full oppvaskmaskina. Og så slappa eg litt av med data og TV.
Då kom det ein underleg lyd frå kjøkkenet, men eg forstod snart at det var den nye mobilen som ringde. Og faktisk greidde eg å ta den, og fekk ein lang prat med ei god venninne. 
Etterpå var det tid for å gå gjennom spanskleksa. Det går mykje tregare å lære no enn då eg var ung,  det er vel heilt naturleg, men eg likar utfordringar-til ei viss grad.
I morgon er det altså spansk frå 11-13, og så kan det hende Margrete stikk innom etterpå. Ho skulle til Ørsta uansett. Eg likar ikkje at det er så kaldt og vått ute, men ein lyt ta det ein får- når det gjeld vêr.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...