søndag, oktober 06, 2019

Dagbok 2019: 6.oktober.


Her går ein opp på Fonnvernet.

Klokka er no 17.35, temperaturen ute er+ 10 grader C og sola skin, dag ut og dag inn. For min del kan den godt halde fram med det.
Sist natt sov eg heile natta utan å vakne og utan å verke verken her eller der.-Det må vere lenge sidan sist eg gjorde det. Verkte ikkje i armane så lenge eg låg, men eg var ikkje heilt god då eg stod opp, men eg kom meg etter kvart, som vanleg.
Eg hadde ikkje mykje på programmet i dag, og dermed vart det ingenting gjort. Skulle høyre bok på Storytel, men då sovna eg nesten. For å gjere noko som var LITT nyttig tok eg tak i spansken. Så fann eg etter kvart ut at eg skulle lage middag, det gjer eg ofte om sundagane. I dag vart det spagetti med steikt bacon og tomatpuré. Då slepp eg å ete restar halve veka.
Datamaskina mi driv og oppdaterer seg rett som det er, og i dag sakna eg eit program-det var rett og slett borte. Det er der eg legg inn musikk og lydbøker, men hukommelsen min sviktar titt og ofte, så eg hugsa ikkje kvaprogrammet heitte. Solveig var redninga. Det er "Windows media player"-og no har eg lagt det inn att. Eg treng musikk til armøvingane mine; eg står og dreg i ei snor som går over ei trinse, og då er det fint å ha Freddy Mercury og Queens til å halda takta.
I 14-tida fann eg ut at eg måtte ut og mosjonere litt, og så vart det Fonnvernet i dag også. Når ein går der, er det ikkje til å unngå å møte mange kjende og slå av ein prat. Dermed blir det litt sosialt også.
Eg tok mange bilde, men då eg la dei inn på maskina, var det eigentleg berre mange eksemplar av to. Eg forstår meg ikkje på den fotograferinga mi.
Denne veka er det haustferie på skulane her, så eg får vel sjå litt av både den eine og den andre, Eg har berre to ting eg skal: trening på tysdag 10-11, og spanskkurs onsdag 11-13. Elles er eg FRI.
Det vart mykje TV i går kveld og det blir vel mykje i kveld også. Det er mykje selskap i TV-en.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...