Som vanleg var eg heilt invalid i armane med det samme eg var oppe, men det kom seg i dag også, og eg har i grunnen hatt ein veldig god dag, men så har eg stort sett drive dank, også.
På føremiddagen var eg ein liten tur på nær-Kiwi og handla. Stakk ein tur inn på gravplassen med det samme og sette nye batteri i lyset på grava.
Laga til litt mat som eg skulle servere gjestane, og så jobba eg litt med spansken til Solveig kom.
Etter ei stund kom Margrete og Erlend, og då kunne vi drikke kaffi. Etter ei stund henta Margrete Amanda , som jobba til kl. 16.00 i dag. Då fekk eg reparert begge telefonane mine, så no er eg veldig fornøgd. Og så lærte eg litt som eg kan få bruk for seinare.
I dag har eg ikkje gått tur, for eg vil no ikkje slite ut føtene mine, men blir det like fint vêr i morgon, vil eg komme meg ut litt. Eg har nokre turar i bakhovudet.
Resten av kvelden skal eg sitte framfor TV-en. Eg er mest spent på Stjernekamp, der har eg ein som eg heiar mest på og det er Bilal, men eg heiar på Kim også, og litt på Beate. Men eg stemmer ikkje.
Komande veke er det haustferie her i området, så då håper eg at fleire stikk innom.
No er eg ferdig med penicillinkuren, og denne gongen vart eg ikkje dårleg av tablettane. Passa på å ta dei i samband med mat, slik legen anbefalte.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar