Klokka er no 16.30, temperaturen er + 11 grader C og vi har framleis strålande vêr, men det er litt kaldt om nettene, for i dag morgon var det rim på hustaka. I dag tidleg vakna eg ikkje så tidleg som vanleg, så dagen starta relativt seint. Og så går det ei stund før eg greier noko som helst på grunn av armane, som ikkje spelar på lag for tida. Etter at eg hadde ete frokost tok eg att sudokuen som eg måtte gi opp i går kveld, i dag løyste eg resten fort og greitt. Planen min var å vaske kjøkken og bad og det gikk relativt greitt, men støvsuging vert det ikkje i dag, trur eg.
Men for ikkje å feige heilt ut, fann eg ut at eg ville gå ein tur på Fonnvernet. Eg gjekk Fonnvernet til endes, men tok ikkje sjansen på å gå ned det bratte sluttstykket, så eg gjekk same vegen tilbake og svinga opp til turvegen. Der er det ein liten sideveg som går ut til Skålavegen, slik de ser på bildet.
Eg gjekk over brua og så var eg på Turvegen. Her ser vi det oppmurte Fonnvernet på baksida.
Og her er Turvegen frå vest mot aust.
Og så kan ein kjenne att Åsmundmarka, der sauene gjekk på beite i dag. Det er eit haldepunkt i eit område som ein kjende før, men som er blitt heilt omforma.
Eg hadde tenkt å gå rett ned på Storebakken når eg kom opp, men der stod det ei gravemaskin og grov, så i staden for å gå opp att på Fonnvernet, tok eg vegen langs Fonnvernet. I lengde vart turen nær to rundar.
Eg veit ikkje om det blir gjort så mykje meir i dag, eg har ein klesvask å legge i hop, og så kan det hende eg tek ein liten runde på butikken, men det kan like godt skje i morgon. Då ventar eg besøk av dei to døtrene mine + diverse barnebarn, det er ikkje så mange av dei i nærleiken lenger.
I dag var straumen vekke ei stund, og det vart litt plunder med data og TV etterpå, men det gjekk bra. Eg får ta å jobbe litt med spansken sidan eg sit her ved datamaskina likevel.
Ørsker alle ei god helg ! Og god ferie til dei som har haustferie denne veke.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar