Svartsurbærbusken.
Klokka er no17.10, temperaturen er + 11 grader og det er sol og fint vêr ute. Det har vore ein nydeleg dag i dag også! Det er berre nydeleg med slike fine dagar innimellom.
Eg vakna tidleg i dag også, men låg og slappa av ei god stund før eg stod opp.
I dag hadde eg ein plan om å lage ei eplekake, så det sette eg i gang med rett etter frokost. Arbeidet med eplekake er stort sett å skrelle og skjere opp eple. Sette på klesvask og oppvask og let maskinene arbeide for meg.
Innimellom jobba eg med spansken. I går fekk vi utdelt ein tekst som heitte " Sobre me". Eg trur vi var både overraska og glade då vi oppdaga at vi kunne lese og forstå heile teksten. Så fekk vi i oppgåve og skrive ein tekst om oss sjølve "Sobre me" tyder "Om meg". Eg har begynt på oppgåva i dag. Sjølvsagt må eg bruke "Google translate" blant anna, men mykje greier eg sjølv. Og det eg må slå opp lærer eg også av.
Sist eg var på Spar såg eg at dei hadde jus av blåbær og Aronia (svartsurbær), så i dag fekk eg den lykksalige ide å lage saft av svartsurbæra mine + blåbær som eg hadde i frysen. Eg kokte bæra med vatn og silte på gamle måten. Men før eg hadde sukker i måtte eg berre smake litt. Det smakte-for å seie det mildt-BITTERT. Det blir ikkje spandert eit sukkerkorn på den safta, det er berre å tømme den ut ! Much ado about nothing, for å oppsummere.
Eg har gått i fleire dagar og tenkt meg bort på VØR, men har grua meg litt for å fare åleine. Men i dag hadde eg nesten bestemt meg i halv tre tida, det stenger klokka tre i dag. Så kom Marit ned på tunet til meg, då var eg begynt å lesse inn i bilen. Eg sa kva eg hadde tenkt, og at eg ikkje hadde lyst å fare åleine. Då tilbaud ho seg å vere med, og der for vi. Då Rasmus og eg var der borte, rota vi med å finne fram, så eg trudde det skulle gå greitt i dag. Men det vart ein del feilnavigering før eg endeleg såg eit skilt med "Miljøstasjonen" på. Der burde ha vore eit stort skilt med VØR på. Men ok, vi kom fram i tide og fekk avlevert det eg skulle, og så køyrde vi i Furene. Ingen av oss hadde laga middag, og det er TORSDAG, så då gjettar de vel resten. Ja, det vart ball på Coop-kaféen. Men i dag visste eg at vi skulle ha små porsjonar. Audun og eg var der ein gong og kjøpte store porsjonar, og det vart eit lite problem.
Vi nytta også høvet til å handle på Coop-butikken og kjøpe lodd av ei frelsesarmé - dame. Det vart ein kjekk dag i dag også. No skal eg henge opp ein klesvask og rydde litt på kjøkkenet før eg tek kvelden.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar