onsdag, oktober 02, 2019
Dagbok 2019: 2.oktober
Klokka er no ca. 19.10, temperaturen er + 10 grader og det vart overraskande fint vêr i dag. Stussa litt då eg drog frå gardinene i dag-frykta at det var snø ute- det var det ikkje! Det vart ein fin solskinnsdag, typisk det, når ein skal vere inne heile dagen.
Før eg reiste ned på Bakk-Ola for å kurse meg i spansk, fekk eg tid til å farge håret , dusje etc.
Spanskkurset er frå kl. 11-13. Etterpå køyrde eg ned til kulturhuset og skulle hjelpe med pådekkinga, men der var to flinke damer gått i gang og nesten ferdige. Eg var heime igjen ca. klokka 14, og 15.30 skulle vi nedover på "Eldrefesten", Marit og eg. Eg måtte kle meg om , men fekk ikkje bruke dei kleda eg hadde tenkt, for vêret vart ikkje så kaldt og vinterleg som eg hadde tenkt.
Vi var ute i god tid, og det var alle dei andre også. Det vart nesten fullt med folk i dag. Det var mykje bra program, som eg kunne kose meg med utan å tenke på kva eg skulle skrive. Eg skal ikkje referere frå møtet, eg såg ikkje folk frå avisa der, men vi sat heilt framme og såg ikkje kva som skjedde bak oss.
Eldbjørg Tvergrov frå Eldrerådet var møteleiar. Eli helste frå Pensjonistlaget og fortalde litt om Eldredagen. Eirik Stave spelte til alle songane; den guten er berre heilt fantastisk. Faren, Knut, var forsongar. Dottera til Eldbjørg kåserte om fiskarar og fiskeri på Sunnmørskysten i gammal tid. Ho hadde bilde som vart vist på stort lerret. Det var interessant. Seinare kom Ørsta mannskor og song fleire songar.( Det er Lions -koret som har skifta namn.)
Damene i Lions hadde ansvar for mat og drikke og som vanleg var det rikeleg med gode smørbrød og kaker. Bra at eg ikkje hadde ete så mykje før i dag. (NB: Vi veit at Eldredagen eigentleg var i går.)
Marit og eg var spente på om vi kom oss heim før det vart mørkt, for ingen av oss likar å køyre når det er mørkt. I dag var det eg som køyrde og vi rakk heim mens det var dag.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 21.desember
Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar