tirsdag, oktober 01, 2019

Bok nr.29 -2019: Hyttebok frå helvete

Are Kalvø vaks opp midt i eit postkort på Vestlandet. Likevel har han aldri blitt ein naturens mann. Han flytta til byen og såg seg aldri tilbake. Dette har aldri vore eit problem. Før no. For nokre år sidan begynte Kalvø å miste venner til naturen. Gode venner, som før alltid var med på pub for å prate tull, begynte plutselig å gå i fjellet, legge ut bilde av skispor, og i fullt alvor seie sånt som at det berre er i møte med naturen at du forstår kor liten du er. Ein dag måtte Kalvø innsjå at han ikkje hadde ein einaste facebook-venn som ikkje hadde lagt ut eitt einaste bilde av seg sjølv på eit fjell. For første gong sidan han blei tvinga til slikt på skulen, la Kalvø derfor ut på tur, på ski og til fots, for å finne igjen vennene sine. Og for å finne ut kva i alle dagar det er som skjer. Kva driv dei med på desse hyttene om kvelden? Kva snakkar dei om? Er det rom for å seie til nokon ein møter i fjellet at ein synest natur er oppskrytt? Eller blir det dårlig stemning då? Og kven reiser eigentlig frivillig på ferie til ein plass som heter Myggheim? «Hyttebok frå helvete» er ei svært morsom og litt sint bok om nordmenns merkelige forhold til naturen.
………………………………………………………………………………….
Denne boka har eg lånt av Margrete for ei god stund sidan. Eg las den no sist helg og det gjekk heilt greitt sjølv om den er på over 300 store sider. Nokre av sidene var bilde. Boka er artig å lese for oss som liker stilen til Are Kalvø, den er som eit einaste langt standup-show, på lett og ledig nynorsk.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 14.mai

Desse tulipanane har eg planta sjøl og dei har stått i beddet ved garasjen i mange år. Dei har ein nydeleg raud farge, ikkje knallraude som ...