tirsdag, oktober 01, 2019

Dagbok 2019: 1.oktober

Klokka er 17.45, temperaturen er + 8 grader C og det har regna i heile dag-vått og kaldt med andre ord. Her kjem vitrar og somrar annakvar gong.
Eg var tidleg oppe i dag, vaknar alltid tidleg når eg skal noko, og i dag var det trening. Marit blei ikkje med i dag, så eg køyrde åleine. Etter treninga var eg ein tur i banken og oppretta avtalegiroar, så slepp eg å bry meg meir med dei utgiftene. Vi hadde avtalegiro på det meste, men dei stod i Nils sitt namn, så eg måtte seie dei opp. No har eg oppretta nye i mitt namn.
Eg var også innom ALTI og kjøpte litt vaskemiddel på Europris. 
Då eg kom heim bestemte eg meg for å ikkje vere fullt så lat som eg har vore siste dagane. Derfor sette eg ein brøddeig og sette i gang ein klesvask. Ein liten tur på data og betalte ei rekning vart det også.
Sidan brøddeigen var veldig laus og fin, laga eg rundstykke i staden for brød. Det er litt meir arbeid, men veldig praktisk når eg er her åleine, for då kan eg ta opp ferske varer til kvart måltid om eg vil. Det går mykje på brødmat med meg, lagar ikkje middag så veldig ofte.
Eg slappa av med litt TV etter bakinga.
Eg har ikkje høyrt noko anna, så då reknar eg med at det blir spanskkurs i morgon. Så skal vi dekke bord på kulturhuset, og klokka 16 er det møte eller "fest" om de vil. Det er Eldrerådet og kommunen som har ansvar denne gongen og vi i pensjonistlaget får vere gjestar. Det Marit og eg lurer på er om eg kan køyre til og frå-eller om det mørknar før vi kjem oss heim.
Elles skal det visst vere fleire bolkar med straumutkopling og det er no alltid festleg når ein er avhengig av elektrisitet til oppvarming, blant anna.
Doro-telefonen min er framleis død, den nye mobilen er ikkje til å stole på, og fasttelefonen er ute av dansen. Med andre ord, så er det einaste måten å komme i kontakt med meg på data. Eller Messenger på mobil.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28. april

Klokka er no 22.10, teperaturen ute er + 10 graderC  og vi har hatt fin ver i dag. Den siste snøen som kom i fjella smelta sikkert i dag. Eg...