tirsdag, august 20, 2019

Dagbok 2019: 20.august

Klokka er 17.05, temperaturen er + 16 grader og vi har hatt mange regnbyger i dag. No ser det ut til å lette opp litt. 
I dag har eg vore på farten det meste av tida. Marit og eg var på trening frå 10-11, og etterpå var vi på butikk. Eg trudde eg skulle fått slappa av litt før frisøren, men det vart litt å styre med her heime, og så måtte eg ha litt mat, og brått var det på tide å fare fram i Mosmarka.
No sit eg her åleine med ny sveis. Men Ragnhild ringde nettopp og ville at vi skulle ta ein lunsj på kafé i lag i morgon, så då får eg håpe frisyren varer. Eg har tenkt å kjøpe meg nye briller, så då skal eg kanskje ta ut innfatningar i morgon.
Eg kavar litt med å få tak i røyrleggar, men eg får stikke ut på butikken til ØB rør i morgon, og høyre om dei tek jobben. Eg har ein del ting som eg må få orden på før eg kan slappe av. For min del hadde det vore heilt greitt at ein amatør gjorde det, for det er no i kjellaren, så det hadde vel ikkje hendt så mykje om det vart ein lite oversvømmelse. Det er på grunn av forsikringa at ein skal bruke fagfolk.
Plommene modnar fort no, eg er nede på slang fleire gonger for dag, men det er vel like før eg må sylte. Eg prøver å plukke etter kvart slik at eg får tynna ut.
Støvsugaren har stått klar i heile går og i heile dag, utan at eg har tatt den i bruk, men eg får kanskje ta ein sveip i kveld.
Elles skjer det ikkje så mykje. Å gå til frisør er på ein måte å gå på besøk til kjentfolk. Åse har vore frisøren min i over 20 år, så vi kjenner kvarandre godt etter kvart; og så tek ho sjeldan inn meir enn ein kunde om gongen, så vi kan prate fritt.
Eg hadde i oppdrag frå pensjonistlage å ringe til ei dame, det gjorde eg, men fekk ikkje svar, så blir det å prøve igjen. Eg er glad eg har fasttelefonen, for det kan eg med.
Har ikkje pugga spansk enno, så det må eg også gjere, dagane strekk ikkje til -til alt eg VIL !

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...