søndag, juni 02, 2019

Dagbok 2019: 2.juni

Kari Gunn har bursdag i dag.

Klokka er no  17.06 presis. Gradestokken på trappa viser + 18 grader, så det er ikkje rart at det brått vart for varmt inne. Kanskje er kulden over for denne gong ?  Og så får vi håpe på godt vêr onsdag for då skal pensjonistlaget på tur til Trandal. Vi skal ta ferje frå Sæbø klokka 15.10. Eg har aldri vore på Trandal, så dette ser eg fram til. Dei som er dårlege til beins får skyss frå sjøen og opp til garden, derfor kan eg vere med.
"Straffa" blir vel at eg må skrive om turen etterpå-sidan eg er sekretær.
I dag vakna eg grytidleg av verk i kneet, eg stod opp og gjekk litt rundt, så la eg meg og fekk sove ei lita stund til.
I dag har det vore kviledag her i huset. Veka som vi har lagt bak oss var litt meir utfordrande enn vanleg for meg, så i dag var det godt å flate ut. Eg har ikkje skofta spansktimen i dag heller, men så har eg høyrt radio og strikka. Til middag steikte eg karbonadar. Etter eg hadde ete slappa eg av i godstolen til Marit kom ned ein tur. Eg hadde bedt henne på kaffi og kake. Ho kunne ikkje vere her så lenge, og då ho gjekk opp att la eg meg strak ut på sofaen med lydbok-ikkje ofte det skjer.
Eg har lagt i hop ein klesvask og no skal eg  snart hendte opp ein vask til som eg har tørka i trommelen.
For morgondagen har eg ikkje så store planar, men eg skulle ønske det vart så tørt at eg fekk klippe plenane, graset er høgt no. Og så MÅ eg snart somle meg til å kjøpe kantklippar og gjødsel. Tysdag er det trening, og onsdag tur, så er denne veka planlagt - langt på veg. Dette blir vel ei vanleg veke, men så kjem pinsa.
Eg har to kusiner som er tvillingar, dei har fødselsdag i dag. Eg har gratulert Kari Gunn på Face, ho bur i Skjåk, men Helene Eva når eg ikkje, ho bur i USA. Eg har rekna ut at dei er 77 år no.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 13.mai

Det var eigentleg ikkje dette bilde eg skulle ha i dag, det liknar veldig på det eg hadde i går,men litt har det skjedd. Eg har til dømes kl...