mandag, desember 31, 2018

Dagbok 2018: 31.desember


Klokka er 17.45, temperaturen på trappa er + 9 grader; det regnar og det blæs. Eg var ute for å ta eit bilde, og då høyrde eg ein voldsom sus, kan hende var det frå Vikelva, men det kan også vere vinden som lagar lyd. Dei kvite flekkane på bildet er ikkje snø, men regn. Det er kanskje ein nyttårsstorm på veg i år også, eg håper berre at eg får behalde straumen. Det er mykje selskap i TV og radio. I går var eg ute og rydda på altanen så det ikkje skulle skje skade. Men etter som vêrmeldarane på TV seier, må vi belage oss på meir og meir ekstremvêr. Høyrde at det hadde gått eit skred i Ørsta, eg er ikkje sikker, men eg trur dei snakka om Årsetdalen.
Eg har sjølv valt å vere heime åleine på nyttårsafta, eg har best godt av å sitte i ro. Men eg har alt ete eit godt måltid. Eg hadde to middagar av det som vart att 2.juledag, og i dag kokte eg både poteter og gulrøter attåt siste rest av gryteretten. Ikkje akkurat eit festmåltid, men ville eg hatt noko anna, kunne eg ha fått det. No skal eg snart ha meg ein kaffikopp med noko attåt.
På føremiddagen i dag, var eg såpass eg fekk gjort noko som var på tide-eg vaska og rydda kjøleskapet og shina opp kjøkkenet. Godt å få oversikt over kva mat ein har på lager, og berge det som er i faresona.
Solveig nabo ringde og spurde om ho skulle handle noko til meg, ho skulle til Vik. Eg spurde om ho kunne kjøpe ein brødristar til meg, og det gjorde ho. Den var kjøpt på Jernia, samme sort som ho har sjølv. Brøda mine varer av og til litt for lenge, dessutan kan eg finne på å riste fersk brød også. Fordi eg likar det.
Elles har eg strikka begge ermane på genseren, opp til siste aukinga. Så skal eg ha dei over på rundpinne.
Kanskje begynner eg på bolen i kveld, eg må no uansett sitte mest mulig i ro. Blir vel litt å sjå på TV i kveld.
Om året som snart er slutt, kan eg seie mykje, men det meste er alt sagt. Det har vore eit år då mykje har hendt. Det har vore triste, men også gode dagar. Eg ser på dei to-tre siste åra som ein unntakstilstand, og håper på mindre dramatikk i året som kjem.
Eg vil ønske alle blogglesarane mine ein fin nyttårskveld til tross for vêret, og så håper eg alle får eit 
GODT  NYTT  ÅR    2019

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...