lørdag, desember 29, 2018

Dagbok 2018: 29.desember

Nyttårsbukett frå Margrete og barna.

Klokka er 18.45, temperaturen er + 3 grader C og det har regna i dag også. Sist natt sov eg, men vakna av at eg verkte i foten, såpass eg måtte ta meir smertestillande, så alt er ikkje like positivt. Viss eg ser bort frå foten, har eg det heilt fint. 
I dag har eg sett på vaskemaskina og oppvaskmaskina, så dei jobbar for meg. Sjølv har eg sete mykje framfor TV-en og sett på pila. Eg er litt hekta på sjakk. Så ringde Ingeborg og spurde om dei kunne komme oppom og det kunne dei sjølvsagt. Det var Margrete og tre av borna, Eirik hadde andre planar. Eg hadde eit stort blomkålhovud som eg gjerne ville bli kvitt, så eg rota i hop ei suppe, som dei fekk servert før vi drakk kaffi. Dei hadde kjøpt med seg julekaker, dei hadde eg tenkt dei kunne få med seg att, men dei får stå her til neste gong. Eg tok fram lefsene som eg gløymde andre juledag. Dei hadde med seg ein nydelig nyttårsbukett. Kjekt å variere pynten. Amaryllisen som eg kjøpte sjølv før jul, gjekk ut i spagat, så det var berre å kutte stilkane og sette i ein vase.
I dag begynte eg på strikketøyet som eg fekk av Solveig til jul. Det er ein genser som heiter Tiril. Solveig har strikka den i raudt og kvitt til Olaug jr.-min blir blå og kvit. Eg strikker ermane parallelt, er ferdig med begge brota og vel så det. Det kjedeligaste med alle strikketøy er å strikke den andre erma, no håper eg å unngå den nedturen
Elles har eg laga til med to bossdunkar i benken, men eg har altså ikkje fått dunk til matavfall, lurer på om dei andre i gata har fått ? I så fall får eg henvende meg til VØR, det er lett å kontakte dei på nett. No skal eg berre rydde litt til, så skal eg sette meg pal og strikke, det er det beste for foten min, som har vore verre i dag enn i går, noko som irriterer meg. Så er det berre eit par dagar att av dette året  som har vor spesielt på mange måtar.
Eg brukar å seie at det alltid skjer noko dramatisk og katastrofalt i jula. Det slo ikkje feil i år heller. Dessverre. Det gjeld både lokalt og internasjonalt. Ulykker og uvêr er det kvar jul. Eg er den evige pessimist. Likevel ønsker eg alt godt for det nye året som enno er ukjent.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...