mandag, desember 10, 2018

Dagbok 2018: 10.desember

Klokka er 17.40, temperaturen er + 3 grader, det er vått av sludd og regn. Ikkje direkte julestemning.
Eg har ikkje vore i skikkeleg form i dag heller, eg veit ikkje kva som gjer det. Har ikkje direkte vondt nokon stad-kanskje eg berre er litt utbrent. Eg kjenner ikkje meg sjølv att, for eg plar som regel vere full av energi og arbeidslyst. Viss det er noko som er i vegen, så er det i så fall ryggen. Så no har eg bestemt meg for å late meg litt og sjå om det hjelper.
Litt har eg no fått gjort i dag også. Var nettopp ned i kjellaren og sette på vaskemaskin nr.2, det blir ofte klesvask om måndagane.
På føremiddagen sette eg meg til å lese ut ei bok, før eg tok meg på tak og vaska soverom , bad og kjøkken, rista teppe osb. Og så var eg ned i tilbygget og saga litt-vil gjerne rydde opp  der, men eg må visst ned til Clas og kjøpe ei ny sag.
Kokte meg litt graut som eg åt før eg sette meg i godstolen og sovna litt. Trur det gjorde godt. Eg har tenkt å late meg enda meir, til kleda er tørre og eg kan få alt på plass.
Det blir ikkje mykje juleførebuing i form av kakebakst, såpass kan eg seie. Eg har ikkje alt eg treng i hus heller, var litt sosete då Solveig var her for å handle til meg sist fredag. JUL blir det uansett. No skal eg bevilge meg ein kaffikopp.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...