søndag, august 26, 2018

Dagbok 2018: 26.august

Arne og Carlos design, men min hæl.


Klokka er 18.35, temperaturen er + 12 grader, akkurat no er det opplett, men det har vore regnbyger i heile dag, så eg har ikkje vore ute.
For ein gongs skuld har eg ikkje gjort noko særleg av fysisk arbeid i dag. Har rippa ei bok og strikka litt, snakka med Solveig i telefonen, og no på ettermiddagen ringde Ambjørg. Innimellom har eg sett på vaskemaskina, laga litt middag og lese i ei papirbok. Ikkje så mykje å snakke om altså, og heller ikkje så mykje å blogge om. 
Eg har endeleg lært meg å strikke etter Arne og Carlos sin plan, men eg feller hælane på gamlemåten. Dette paret vart ferdig i går, og eg er godt i gang med neste par. Det er Solveig som kjøper garn til meg, og så får ho lestene i retur. Ho strikkar mykje anna, men eg synest det er greitt med slike småarbeid.
Eg ser at graset veks og veks, og det må snart klippast igjen. Eg har brukt å klippe mandagane så sant det er tørt nok. Eg skal gjødsle rundt huset så snart som mulig, der vart gjødsla relativt seint på sommaren på grunn av det tørre vêret. Nede i skråninga gjødsla eg enda seinare, så der blir ikkje meir gjødsling i år. Eg gjødslar ikkje for å få meir gras, men for å bli kvitt mosen. Skulle vore og handla både gjødsel og plantar-det byd seg sikkert ein sjanse.

2 kommentarer:

solveig sa...

Du må gjerne gi vekk lestar til andre, men akkurat desse har eg lyst på ;-)

Besta sa...

Eg gir deg dei fleste lestane eg strikkar, så kan du distribuere vidare. Eg kan ikkje strikke så mykje eg vil, for då ryk skuldrane.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...