fredag, august 24, 2018

Dagbok 2018: 24.august

Klokka er 16.50, temperaturen er + 16 -17 grader C. Akkurat no er det fint ute, lettskya og litt sol, men det har også vore kraftige regnbyger innimellom.
Då eg vakna i dag verkte eg i heile kroppen, rekna med det var gikt , så eg tok det ikkje så tungt. Har opplevd det samme før, får ofte gikt og smerter når det er vått i vêret. Snart var det berre høgre armen som verkte, så eg belaga meg på å legge vekk strikketøyet i dag. Men så var det akkurat det eg ikkje gjore. Tvert imot sette eg meg til å strikke og høyre lydbok. Etter ei stund vart eg låk i venstre skuldra, det er typisk, og snart var eg heilt fin og kunne gå ut og jobbe. Hagearbeid er det kjekkaste eg veit, særleg når eg får gjere akkurat det eg vil, slik eg vil. Eg klipte med kantklippar i skråninga der ROTA stod, der er litt for mjukt til klipparen enno. Reinska vekk løvetann og styrte på. Men så kom det ei byge, så eg måtte i hus. Då passa det fint med litt lunsj, middagsmat har eg ikkje lyst på før det lid på kveld.
Så klårna det opp att og eg gjekk ut og klipte langs hellegangen , mol opp kvistar etc. Tenkte eg kunne gjere meg ferdig med potetopptakinga på eine sida av bringebæra, og det gjorde eg. Tok opp ein av stilkane i jordbæråkeren også, og fekk ein bra fangst. Eg veit ikkje kva sort poteter det er , men alle er raude og faste i fisken, dvs. at dei treng relativt lang koketid. Vi har i fleire år halde oss til mandelpoteter frå Skjåk, dei vart ferdigkokte på under eit kvarter.
No vart det veldig fint ute, så det kan hende eg går ein liten tur når eg har kvilt meg litt. Marit har reist på hytta, og Ragnhild er i barnedåp i Oslo, men så lenge eg kan vere ute har eg det heilt fint, berre synd at eg ikkje kan gå nedover - og helst ikkje på asfalt. Då blir det å vere i hagen eller gå tur i skogsvegane. Eg har mange bøker eg kan lese, og i kveld begynner dei vanlege fredagsprogramma på igjen  så det blir litt å sjå på TV.
Ønsker alle ei god helg, håper på fint vêr for alle som må vere inne på jobb i veka.
For øvrig er det i dag fire månader til julaftan.




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 16.april

  Dette bildet er frå i fjor, men trappa ser likeins ut i dag og eg har gått dei 43 trinna i dag også. Klokka er no 16.04, temperaturen er +...