torsdag, august 30, 2018

Dagbok 2017: 30.august

Klokka er 19.45, temperaturen er + 14 grader, og no skin sola. Ho gjer det av og til, men så har vi hatt mange kraftige regnbyger i løpet av dagen.
Denne dagen har stort sett gått opp i surr, ingen ting har eg gjort, og det vesle eg har kava med, har vore mislykka. Stort sett.
Meininga var at Einar skulle komme innover i dag; eg visste at el-kontolløren skulle komme, men rekna ikkje med at det skulle ta så lang tid. Så fekk eg melding frå Silje om at eg måtte vere med han ned i kjellarleilegheita også for han ville ikkje gå inn åleine, og ho var på skulen. Då ville det ta lengre tid. Så Einar og eg avtalte at han skulle kome laurdag i staden. 
Det var bra for inspeksjonen tok mykje lenger tid enn eg hadde tenkt. Han var inn i alle rom og sjekka alle stikkontakter etc. Eg blir truleg nøydd til å skifte ut heile sikringsskapet for å få moderne sikringar. Der var eitt og anna å sette fingeren på, men det meste var i orden. Eg kjem til å få ei liste over alt som må gjerast. Eg begynner å få augene opp for at det krev sin "mann" å vere huseigar.
Men det var noko som var litt artig. Eg høyrde på den unge mannen at han ikkje var herifrå, men det var noko kjent med stemmen/ dialekten. Han fortalde at han var frå EID-namnet var Sunde, og eg kjende i si tid både bestefaren hans og oldeforeldra. Bestefaren heitte Karl. Det kan no vere at inspeksjonen tok litt lengre tid enn vanleg sidan vi måtte snakke litt om slekt og opphav.
Før inspeksjonen hadde eg rota og leita litt på data, strikka litt etc. Og så skulle eg lage potetstappe. Eg hadde skrelt masse fine , gode poteter i går. I dag kokte eg og mosa dei, hadde oppi ein smørklatt og tok melkekartongen rett frå kjøleskapet og tømte oppi. Den var datert 06.09.18  så eg brydde meg ikkje om å sjekke om melka var god, slik eg vanlegvis gjer. Ut av kartongen kom ei tjuktflytande masse av sur og klumpete melk og heile stappa vart øydelagd. Eg prøvde å fløyte vekk melka, men uansett så hadde eg ikkje lyst på det som vart att.
Syntest at dagen var rimeleg mislykka så langt, så eg bestemte meg for å gå ein tur. Gjekk ned på Kiwi, kjøpte ein lyngplante og gjekk fram på grava med. Ville prøve om kneet heldt. Det gjorde vel kanskje det, men det ER problematisk å gå på asfalt, særleg nedover. 
Stoppa med Helge og Anne Elise og åt plommer og prata.
Då eg kom heim fann eg fleire meldingar på dataskjermen. Den eine var frå Øystein som skreiv at han og snikkaren ville komme innover på mandag, og tysdag ville snikkaren starte opp reparasjonsarbeidet på huset. Endeleg.
No må eg visst ha litt mat, blir svolten av frisk luft.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...