mandag, juli 23, 2018

Dagbok 2018: 23.juli.

Klokka er 20.10, temperaturen er + 19 grader og det kom nokre få regndropar då Marit og eg kom heim frå "tur"- vi gjekk ut Starevegen, sat ei stund på benken og så gjekk vi heim att. Begge gjekk vi med stav. Ja, vi er ikkje så unge som vi var ein gong, men vi har det kjekt i lag. Akkurat no er vi heime åleine begge to, men det skulle eg kanskje ikkje skrive på bloggen.

I dag hadde eg planlagt å klippe plenane sidan det er meldt regn i morgon, så programmet for føremiddagen var lagt. Eg fekk klipt heile tomta. Etterpå åt eg grauten som var att frå i går. Sidan eg har litt problem med å sitte så lenge om gongen, la eg meg inn på datarommet med ei bok. Og der sovna eg sjølvsagt og sov både vel og lenge. 
Etterpå gjekk eg ut og gjorde meir hagearbeid. I dag tok eg i bruk kompostkverna for første gong i år. Fjerna nesten all krypmistelen rundt  rododendronane og mol opp. Så neste gong Solveig kjem, kan ho få mat til komposten sin. Eg må kjøpe nokre sekker med bark og pynte opp med. Ja, har ein hus og hage blir ein aldri arbeidslaus, og det vil eg heller ikkje bli. Det verste med hagearbeidet er at eg blir så svolten.
I morgon har Marit og eg tenkt oss til Vik og handle litt. Eg er heldig som har venninne med bil. 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...