søndag, juli 22, 2018

Dagbok 2018: 22.juli- Rosedagen


 Klokka er no 19.30.Temperaturen ute eg + 21 grader C. Det var fint frå morgonen av og eit stykke ut på dagen, men så skya det over. Regn har vi ikkje hatt.
Søndag er ikkje den kjekkaste dagen når ein er heime åleine. Då får eg ikkje gruffe på ute. Derfor vaska eg og rydda kjøleskapet i dag-det var eit skrikande behov, og så shina eg opp resten av kjøkkenet også. Og badet. Elles så sat eg oppe på platten med Marit og prata ei stund, ho var også heime åleine, men så for sola.
Eg har lese ut papirboka som eg heldt på med, det tok si tid, sidan det var ei fluge som eg ikkje fekk tatt knekken på- ho plaga meg heile tida. 
I dag laga eg middag til meg sjølv-eller middag? Eg kokte rømmegraut. Eg hadde eit halvt beger med seterrømme og ein skvett kremfløte. Eg åt meg godt mett, og har mat i morgon også. Eg likar ikkje å kaste mat, så eg prøver å bruke opp det eg har fått i hus, men det er ikkje alltid like lett.
Eg har høyrt rykte om at der har regna i Ulsteinvik, så eg tenkte vi kunne få ein skvett vi også. Eg har ikkje vore så mykje ute i hagen i dag, men i morgon må eg vel slå. Det ser eg fram til.
Har lagt opp eit lestebrot så eg har litt å strikke på viss eg ser TV. Men det har ikkje vore så mykje av interesse for meg i seinare tid, så då har eg heller lese bok. Skal begynne på den tredje papirboka i kveld.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...